Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Øyane over

Date:
26.05.2019
Distance:
35.4km

Flott tur over 4 av øyane i Florabassenget. Starta på Hovden, der det ikkje vart anledning til topptur. Måtte pent følge opplegget. Så til Batalden, der turen gjekk til toppen, og tilbake samme vei. Etterpå kunstutstilling hos Gunhild. Så gjekk turen til Skorpa, og tur over toppen til Skorpeidet. Til slutt til Kinn. Her skulle turen eigentleg gå innom den høgste statuen ved Kinnaklova, men pga mykje vind og mykje folk ville ikkje turleiarane gå opp. Då tok eg tur på eiga hand til toppen av øya. 115 stk med på turen, som har holdt på i over 40 år .

Map    

Teigafjellet og Vikanipa

Date:
25.05.2019
Distance:
9.9km

Ny flott tur i Flora kommune. Trudde eg hadde ein lang tur til Teigafjeiiet. Då eg nerma meg Vasset, såg eg at det burde gå an å komme opp rett mot toppen. Så dermed var det berre å gå på, og sjølv om det var bratt var det ingen problem. Gjorde turen opp langt kortare. Vidare mot Vikanipa er det mykje vanskeleg terreng, men kom no ganske greit fram. Det begynte å trekke opp til regn, så utsikta var redusert. Seig unnabakke tilbake til bilen, via Vassetstølen.

Map    

Håsteinen

Date:
20.05.2019
Distance:
12.7km

Flott tur i sommerværet. I Store Høydalen er det komme opp skilt om privat veg, så parkering må skje ved riksvegen. Dryg anmarsj opp dalen til elva oppe i dalen. Tok nordover under fjellet, og opp skåra. Litt luftig ein plass, men heilt greitt. Turkameratane tok ein avstikker til Høydalsnipa, eg tok strake veien til Håsteinen. Lett og fint å gå oppe i høgda. Og veldig tørt og fint etter den flotte våren vi har hatt. Uvanleg å kunne gå opp til nesten 1000moh, utan snø på denne tid. Flott utsikt frå toppen i alle retningar. Litt i tvil om høgste punktet er der varden står. Retur samme vegen i flott kveldskurs.

Map