Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Vestfjellet

Datum:
01.07.2019
Entfernung:
2,0km

Karte    

Raudberget

Datum:
27.06.2019
Entfernung:
2,7km

Karte    

Storehaugen

Datum:
24.06.2019
Entfernung:
3,0km

Karte    

Godtdalsnipa

Datum:
10.06.2019
Entfernung:
10,7km

Veirmelding lova lettare utover dagen, men det var ein gedigen bløff. På vei innover dalen letta det rett nok opp, og inga skodde på toppen. Gjekk heilt inn til stølane, og opp langs elva. Dryg bakke oppover, før eg svinga litt mot nord, og så rett mot toppen. Då eg nermar meg toppen, tjukna det til, og oppe ved varden starta regnet. Skodda kom stigande, og det vart skikkeleg kaldt og surt. Valne fingra på returen, då hanskene låg igjen heime. Skikkeleg våt då eg var tilbake til bilen.

Karte    

Snøheia

Datum:
05.06.2019
Entfernung:
10,0km

Flott tur etter jobb. Valgte å ta den frå sør, og køyrde inn anleggsveien frå Markeset. Starta litt forbi Lonestølen, opp langs Sjurdelva, til Sjurdvatnet. Vidare rett opp til Jemdalsnova. Framleis ein del snø i høgda, og islagte vatn. Vidare vestover i lett terreng til Snøheia. Fin utsikt mot Viksdalen og fjella mot Høyanger. Frå Snøheia same ruta eit stykke tilbake, før eg dreia mot sør, og etterkvart opp på Nova til dagens 2. 100pf. Herifrå kort ned til bilen på østsida. Kjekt å sjå at rypebestanden ser ut til å ta seg opp.

Karte    

Øyane over

Datum:
26.05.2019
Entfernung:
35,4km

Flott tur over 4 av øyane i Florabassenget. Starta på Hovden, der det ikkje vart anledning til topptur. Måtte pent følge opplegget. Så til Batalden, der turen gjekk til toppen, og tilbake samme vei. Etterpå kunstutstilling hos Gunhild. Så gjekk turen til Skorpa, og tur over toppen til Skorpeidet. Til slutt til Kinn. Her skulle turen eigentleg gå innom den høgste statuen ved Kinnaklova, men pga mykje vind og mykje folk ville ikkje turleiarane gå opp. Då tok eg tur på eiga hand til toppen av øya. 115 stk med på turen, som har holdt på i over 40 år .

Karte    

Teigafjellet og Vikanipa

Datum:
25.05.2019
Entfernung:
9,9km

Ny flott tur i Flora kommune. Trudde eg hadde ein lang tur til Teigafjeiiet. Då eg nerma meg Vasset, såg eg at det burde gå an å komme opp rett mot toppen. Så dermed var det berre å gå på, og sjølv om det var bratt var det ingen problem. Gjorde turen opp langt kortare. Vidare mot Vikanipa er det mykje vanskeleg terreng, men kom no ganske greit fram. Det begynte å trekke opp til regn, så utsikta var redusert. Seig unnabakke tilbake til bilen, via Vassetstølen.

Karte    

Håsteinen

Datum:
20.05.2019
Entfernung:
12,7km

Flott tur i sommerværet. I Store Høydalen er det komme opp skilt om privat veg, så parkering må skje ved riksvegen. Dryg anmarsj opp dalen til elva oppe i dalen. Tok nordover under fjellet, og opp skåra. Litt luftig ein plass, men heilt greitt. Turkameratane tok ein avstikker til Høydalsnipa, eg tok strake veien til Håsteinen. Lett og fint å gå oppe i høgda. Og veldig tørt og fint etter den flotte våren vi har hatt. Uvanleg å kunne gå opp til nesten 1000moh, utan snø på denne tid. Flott utsikt frå toppen i alle retningar. Litt i tvil om høgste punktet er der varden står. Retur samme vegen i flott kveldskurs.

Karte    

Siste i Bergen

Datum:
13.04.2019
Entfernung:
4,4km

Flott avslutning til Skåldalsfjellet. Parkerte ved Osavatnet, og fulgte veien opp, nesten til gardane. Tok oppover bøen, og litt på traktorvei. Vidare oppgjennom skogen, før eg var oppe forbi skoggrensa. Greit å gå heile vege mot toppen. Nydeleg utsikt i dag, nordover mot Sogn og Stølsheimen, over mot Gullfjellstoppen, og sørover mot Fana. Retur via Minnedalen.

Karte    

Solbakkefjellet

Datum:
12.04.2019
Entfernung:
6,7km
Karte