Archive - Date
Archive - Activity
- Other trip (1)
-
Other winter trip (2)
- Snowshoe trip (2)
- Trip by foot (6)
Peakbook-Friends
Eit av dei mange Blåfjell
- Date:
- 29.05.2018
- Distance:
- 11.5km
Tenkte å køyre til Øvrebø, på østsida av fjellet. Men der var det komme opp skilt med privat veg, innkjøring
forbudt. Ok, får køyre til Osen då, og opp anleggsveien. Nei den var berre for bilar med 4- hjuls trekk, så då var
det berre å gå. Og det blei hardt i varmen. Veien gjekk mykje lenger enn det som er merka på kartet. Heilt
til inntaket for kraftverket. Over ei bru her, og på fin sti inn dalen. Først forbi Osenstølen, og så ei einsleg
hytte. Her var det slutt på stien, men glissen bjørkeskog og greit vidare. Etter kvart bra stigning, som varde heilt
til toppen. Varmt og stille, og fantastisk utsikt, med Alden, Blegja, Gjegnen, Snønipa og mykje meir.
Brukte snøfonnene på returen som gjekk rimeleg fort.
Masfjorden
- Date:
- 26.05.2018
- Distance:
- 5.1km
Bilen drog seg opp dei bratte bakkane til Røyrbotnen. Fulgte traktor veg oppover langs elva.
Etter kvart over elva og bratt oppover. Passerte Fitjetjønna, og tok litt opp til venstre. Kom litt
høgt, men korrigerte greit mot toppen. Shortsen låg igjen heime, så det blei godt og varmt.
1 t og 20 min opp. Flott utsikt frå toppen, også til kjente toppår i Sunnfjord. Tilbake via Kudalen, og
Stølen. Trudde eg tok Strømsveien nedover, men det viste seg å gå sti rett til Røyrbotnen.
Fin tur på ein varm dag.
Laukelandshesten
- Date:
- 14.05.2018
- Distance:
- 2.9km
Nydeleg kveldstur, til siste toppen mellom Dalsfjorden og Førdefjorden.
Kjørte opp skogsvegen, og parkerte rett før vatnet. Gjennom plantefeltet, og rett på stigningen
med litt klyving i starten. Flott på toppen, med utsikt til det meste av Dalsfjorden.