Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Dagens 2.

Date:
30.08.2015
Map    

Vått !!

Date:
30.08.2015
Map    

Enda ein fot/skitur

Date:
24.08.2015

Starta i Åskora, og etter mykje tvil tok vi skia med. Angra ikkje på det, sjølv om det vart 3 timar med bering. Skremte opp to hjortar, som vi kunne følge med auga ei lang stund. Tok på skia på 960 moh, og hadde ein flott skitur opp og ned herfrå. Fantastisk oppe på breen i dag, i det flotte veret. Utsikt mot Sunnmøre, Gjegnen, Snønipa, Jostedalsbreen, og mykje meir. Totalt 7,5 t på tur, total oppstigning 1425m. To GPS-ar viste hhv 1365 og 1369 moh, så breen har no minka litt, sjølv om den lange målestanga berre var ein knapp meter over snøen.

Map    

Siste skitur i år?

Date:
08.08.2015

Overnatta på Jashaugbu (Vik Turlag). Regn og skodde på morningen, men letta etter kvart. Tok på skia like ved hytta, men dei måtte av eit par gonger den første kilometeren. Gjekk nesten til Langfonnvatnet, før vi tok av nordover. Kryssa oppover mellom berghamrane, før vi kom inn på breen. Nesten oppe, la skodda seg rundt toppen. Til tross for dårlege batteri på gps`en, konstaterte vi at toppen var nådd. Regn og surt akkurat der, så det var berre å returnere, for så å konstatere at sola kom tilbake på toppen. Fint renn tilbake til hytta. 3 t opp, 2,5 tilbake.

Map     3 comments