Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Med Bergen Turlag på Folgefonna.

Date:
01.05.2015

Folgefonna Sommarskisenter opna på fredag, så då var det berre å ta drosje opp dit, på 1200 moh. Starta opp trasèen som går opp til ca 1450 moh. Strålande vær, og nydeleg føre der vi traska oppover mot det som ikkje vart høgste punktet på Nordre Fonna. Gjekk glipp av ein kommunetopp der. 600 m nedkøyring, før ny stigning opp til Fonnabu på 1449 moh, 10,5 t på tur. Lørdag tur tvers over breen, med passering av Kvinnherad sitt høgste punkt. Flott utsikt i det nydelege veiret. Etter å ha døsa i 1,5 t i sola på ein knaus, gjekk turen tilbake til Fonnabu. Søndag gjekk turen mot Rosendal, etter å ha vore innom etne sitt høgaste punkt. Lang tur på 27 km, og rundt 2000 m unnabakke, så det vart nye 10 t før bilen venta. Ei uforgløymeleg helg, med perfekt veir og skiføre.

Map