Langtur mot Haukedalen (08.09.2019)


Start point Rørvikfjellet (542m)
Duration 8h 35min
Distance 17.5km
Vertical meters 1,495m
GPS
Ascents Rimmane (1,204m) 08.09.2019 10:20
Ørnafjellet (1,226m) 08.09.2019 10:53
Holsa-Tverrfjellet (1,319m) 08.09.2019 12:00
Svartefjellet (1,195m) 08.09.2019 13:53
Ramnenipa (1,190m) 08.09.2019 14:52
Nesfjellet (1,207m) 08.09.2019 15:38

Kjørte først ein bil til Nes i Haukedalen, og så tilbake til Rørvikfjellet.
Kaldt på morningen, men elles fantastisk haustvær.
Mykje stigning opp til Rimmane, den lengste for dagen. Kort stopp før vi gjekk vidare mot Ørnefjellet. Her går det bratt ned til Strupen, og vi oppdaga etterkvart at det var merka med raudmåling. Så var det bratt opp mot Holsa Tverrfjellet, på gras og mose. Siste stykket vart det meir stein og ur, og det skulle vare eit par timar. Kunne teke med Kvitefjellet, men eg har vært der før, så det vart droppa. Ned mot Svartefjellet såg vi for lite på kartet, så vi kom ned på brattaste partiet. Litt åling på svaberg, men vi kom ned i god behald. Lett oppigjenn på Svartefjellet, og ned i skardet på andre sida. Resten av turen var berre idyll, mot Ramnenipa og vidare til Nesfjellet. Hard nedstigning til avslutning, med 900 høgdemeter.
Ein fantastisk dag med klår luft, og flott utsikt i alle retningar.
Dei lyse berga på Kvitefjellet viser kor mykje snø/brear som har forsvunne siste åra.

Nesstøylen

Tilbake mot Svartefjellet til høgre, og Kvitefjellet bak.

Gustav i gang med fotografering.
Bak til venstre: Sunnfjordbjørnen og Jostefonn.

Idyll på veg til Nesfjellet.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.