Enda ein fot/skitur (24.08.2015)


Karte
Besteigungen Punkt på Ålfotbreen (1.361m) 24.08.2015
Starta i Åskora, og etter mykje tvil tok vi skia med. Angra ikkje på det, sjølv om det vart 3 timar med bering. Skremte opp to hjortar, som vi kunne følge med auga ei lang stund. Tok på skia på 960 moh, og hadde ein flott skitur opp og ned herfrå. Fantastisk oppe på breen i dag, i det flotte veret. Utsikt mot Sunnmøre, Gjegnen, Snønipa, Jostedalsbreen, og mykje meir.
Totalt 7,5 t på tur, total oppstigning 1425m. To GPS-ar viste hhv 1365 og 1369 moh, så breen har no minka litt, sjølv om den lange målestanga berre var ein knapp meter over snøen.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.