Archiv - Nach Datum

Gesammelte Listen

Stortuva og Rambjøra

Datum:
24.07.2021
Tourlänge:
6:07h
Entfernung:
22,5km

Frå sjøkanten via Stortuva til Rambjøra. Fekk lurt inn eit lite bad med premiumutsikt. Retur same veg og bading og sjøen etterpå.

Karte    

Somrungsnebber og Storsalen

Datum:
23.07.2021
Tourlänge:
11:23h
Entfernung:
26,2km

Ein lang og minneverdig dag i Sunndalsfjella. Inspirert av ruteføringa frå fleire turrapportar var Somrungsnebber og Storsalen dagens mål. Etter å ha starta dagen i skodda opp lia frå Fale, så openbara verda seg straks etter vi hadde teke av stien i retning dagens første topp. Frå Litjsomrungsnebba Sør gjekk vi eit stykke tilbake før vi runda ned i vestsida. Her gjekk minutta fort og metrane sakte - traversering i laus og bratt ur er ikkje det som bidreg til best framdrift, men vi hadde heile dagen på oss, så det fekk stå sin prøve. Vidare over Litjsomrungsnebba, Storsomrungsnebba og Storsalen var terrenget betydeleg meir lettgått, utan at turen vart mindre spektakulær av den grunn. Ein sjeldan fin dag i høgfjellet - vindstille og perfekt temperatur frista til gode pausar. Vi >>>

Karte    

Store Gjevillvasskammen

Datum:
15.07.2021
Tourlänge:
5:20h
Entfernung:
27,4km

Inn i dimman på Gjevilvasskammane. Plana var å ta gromrunden via alle kammane, men det vart vedtak om ruteendring i takt med at skodda vart tettare og vinden vart sterkare. Uten alt for mykje oppakning var det greiast å navigere seg ned til Riaren og følgje stien nede i dalen.

Karte    

Rundtur frå Vindøldalen

Datum:
14.07.2021
Tourlänge:
8:22h
Entfernung:
41,1km

Tidleg oppmøte i Vindøldalen for ein langtur av det seige slaget. Ein lettløpt førsteetappe langs grusen vart etterkvart avløyst av eit terreng som var langt tyngre å ferdast i. Ei natt med regnver bidrog til at alt av lyng og mose var så glatt som berre lyng og mose kan bli, men ingen har vel sagt at fjelltoppsanking er ein komfort-idrett. Forholdsvis bratt langs sti og dyretråkk til Vassdalsfjella, før resten av dagens rute openbara seg for fullt. På tvers av Fagerlidalen og opp første del mot Litjnebba var det stort sett lyng og myrlendt terreng å finne. Herifrå temmeleg fint til topps på Rognnebba, før det igjen gjekk smått ned ura på vestsida mot Botnnebba. Ned til Nordåbotnvatna var det stadig små mosekledde hamrar å navigere rundt, og jammen var det meir lyng og motbakke >>>

Karte    

Omveg til Knykjen

Datum:
11.07.2021
Tourlänge:
4:38h
Entfernung:
36,8km

Søndagsvariant for å sanke kilometer - først femten flate, og deretter tjue uflate. Bytte av både sko og turfølge midtvegs i økta.

Karte    

Ytre Sula, Indre Sula og Gråfjellet

Datum:
09.07.2021
Tourlänge:
4:05h
Entfernung:
11,6km

Premium-rundtur frå Nordvik med besøk på begge Sulene. Retur via Gråfjellet i god tid før toreveret.

Karte    

Nordre Trolla og Litjnebba

Datum:
02.07.2021
Tourlänge:
6:40h
Entfernung:
15,6km

For den interesserte finst detaljert beskriving av ruteføringa langs toppeggen i Simen sin rapport frå turen Ein tilnærma perfekt dag for å gjere eit forsøk på det vi begge antok ville vere ein av dei meir dyrekjøpte toppane på lista over smultringar i Trollheimen , Nordre Trolla. Knusktørt, varmt berg og skyfri himmel gjorde sitt til at dagens mål vart gjennomført uten alt for store vanskar. Den korte oppsummeringa består av to vanskelege punkt på veg opp - ei langsgåande sprekk utan særleg mykje å klipe seg fast i, samt eit kort parti like før toppen der det er mange gode tak, men bratt nedunder. Dagens mest flatterande fotoserie har fått arbeidstittelen "Ein mann og hans sprekk".

Karte    

Blånebba om vesteggen

Datum:
27.06.2021
Tourlänge:
6:02h
Entfernung:
13,8km

Ny og spennande veg til topps på Blånebba. Brukte lang tid for å finne brukbar veg opp vesteggen. Heilt ok når vi først fann ei rute, til trass for litt mosegrodd stein her og der.

Karte    

Brufjellet og Brufjellhålene

Datum:
19.06.2021
Tourlänge:
1:44h
Entfernung:
6,6km

Ferieutfart av det spektakulære slaget. Via Brufjellet og ned til formasjonane som havet har danna. Kliving langs faststøpte steg ned kløfta medan bekken dusja oss, og deretter langs svaberga. Vel verdt eit besøk om ein er i området.

Karte    

Honnstadknyken

Datum:
06.06.2021
Tourlänge:
2:48h
Entfernung:
21,6km

Heimafrå, via Ranessetra

Karte