Arkiv - dato

Lister jeg samler etter

Dronningkrona

Dato:
07.05.2021
Turlengde:
2:39t
Distanse:
17,1km

Lågsiktsprosedyrer og godt ettermiddagstempo. Godt hjulpe av god dagsform stoppa klokka på 1:51 ved varden på toppen. Lett turutstyr har absolutt sin sjarm i høgfjellet! Aldri gått fortare opp, og aldri køyrd seinare ned. Nedatt til knappe 1000 moh vart det utelukkande navigering på GPS og særdeles forsiktig manøvrering langs oppoversporet, for i det heile tatt å kome seg heimatt. Spektakulært dårleg sikt som førte til at eg datt eit par gongar fordi eg ikkje såg om terrenget gjekk oppover eller nedover (til trass for at eg stod midt i "800-metersbakken"). Skia på sekken dei første/siste 150 høgdemetrane, men med nedbør og nysnø i trea ned til 400 moh, så tek ikkje sesongen slutt med det første

Kart    

Fløtatinden

Dato:
02.05.2021
Turlengde:
4:58t
Distanse:
15,0km

Korr va dæm?! Etter ein gårsdag der vi var blant 250-300 besøkande på Dronningkrona tok vi turen til Fløtatind med mistanke om at det ville bli lignande scener på parkeringa på Brandstad. Profetien skulle vise seg å ikkje stemme i det heile tatt - her var det omtrent folketomt. På tur oppover såg vi nokre turfølge med kurs for Litjskjorta, men Fløtatinden fekk stå i fred. Dermed var vi dei første til toppen, og fekk vere for oss sjølv den timen vi satt der. Litt vekslande skylag og lys på tur ned, men jaggu fann vi ikkje tørrsnø og god skikøyring innimellom alle spora frå tidlegare i veka.

Kart    

Dronningkrona

Dato:
01.05.2021
Turlengde:
5:32t
Distanse:
16,9km

Tradisjonsrik utfart med første mai-tur til Dronningkrona. Skikkeleg folkevandring frå Viromdalen - mange blide i fjes til fjells! Eksepsjonelt godt skiføre for årstida med tørrsnø heilt frå toppen og ned til knappe tusen meter over havet.

Kart    

Smisetnebba

Dato:
30.04.2021
Turlengde:
3:08t
Distanse:
9,1km

Ettermiddagsutfart til Smisetnebba i håp om å sleppe unna det varsla gråveret. Mykje av og på med skia før vi etterkvart fann sammenhengande snø, og peila oss inn mot toppen via "botnen" på sørsida. Gradvis meir og meir tilskya, og tett som bomull ved varden på toppen. Såpass dårleg sikt og flatt lys at det var krevande nok å kome seg nedatt. Rein navigering via GPS langs ryggen ned frå toppen, og ei grei påminning om at det kan være bra å stille førebudd også på relativt korte turar. Defintivt ei nedkøyring med stort potensiale dersom sikt og snø skulle spele på lag - fortrinnsvis litt tidlegare på sesongen.

Kart    

Fløtatind, Henrikbotnnebba og Litjskjorta

Dato:
29.04.2021
Turlengde:
5:42t
Distanse:
20,3km

Ein av årets aller finaste turar i uvanleg god aprilsnø. Fenomenalt skiføre overalt, og spesielt bra over tregrensa. Dagens første stopp vart Fløtatind, før turen gjekk vidare opp langs ryggen på Henrikbotnnebba - her låg det framleis godt med snø, men ikkje verre enn at vi kom oss fram med skia på sekken. Deretter i ferdigtråkka spor til Litjskjorta og vidare i tørrsnø ned Kannsdalen. Premium-rundtur, premium-landskap og premium-snø. Så bra som det kan bli!

Kart    

Dronningkrona

Dato:
28.04.2021
Turlengde:
6:44t
Distanse:
19,5km

Godt ver og framleis tørr snø - da er Dronningkrona eit godt turmål. Tilskyande etterkvart som vi nærma oss toppen, så utsikta vart litt skjemt for dei to i turfølgjet som var førstegongsbesøkande på toppen. Skylaget letta etterkvart såpass at vi bestemte oss for å prøve nedkøyringa frå toppen mot Sandvikdalen. Tørr og uspora snø med Sunndalsfjorden i bakgrunnen gjorde det til ein spektakulær nedfart i storslagent terreng. Vi peila oss etterkvart inn på høgspenttraséen og labba tilbake i retning oppoversporet. Deretter gjekk vi litt skrått opp i "800-metersbakken" før vi slapp oss ned i dalen og manøvrerte oss ned langs kraftlinja heilt ned i Viromdalen

Kart    

Dronningkrona og Mohaugen

Dato:
26.04.2021
Turlengde:
6:49t
Distanse:
26,9km

Blåmåndag! Kanskje den finaste skidagen så langt i karrieren. Sjelden kombinasjon av store mengder tørrsnø, april-varme og vindstilt gjorde dette til ein måndag for historiebøkene. Eit par rundar opp og ned "langbakken", i tillegg til ein sving innom Mohaugen på heimveg.

Kart    

Strengen

Dato:
25.04.2021
Turlengde:
3:08t
Distanse:
10,1km
Kart    

Gjevillvatnet rundt

Dato:
20.04.2021
Turlengde:
13:09t
Distanse:
76,3km

Værmelding, skiføre og avspasering frå jobb. Da skulle det meste liggje til rette for ein heildag i fjellet. Med innlosjering på Oppdal var det berre å sette vekkarklokka til noko som ligna på midt på natta og få lada batteria. Sterkt inspirert av JoSo sin klassiker-tur kan ruteføringa best beskrivast som ein skamlaus kopi. Ingen vits i å skulle finne opp krutet på nytt når fagfolk har gjort grunnarbeidet - runden i seg sjølv er krevande nok utan å skulle drive nybrottsarbeid i tillegg. Første besøk med ski på både Gjevillvasskammane og Blåhø gjorde turen litt ekstra minneverdig. Makalaust flott utsikt mot snødekte toppar både i Storlidalen, Innerdalen og på heimlege strøk i Surnadal. Tilskyande ver, stri vind og blaut, treig snø gjorde turen frå Blåhø og søraustover til ein langdryg >>>

Trolltind og Ryssdalsnebba

Dato:
18.04.2021
Turlengde:
5:55t
Distanse:
19,0km

Tilnærma klipp og lim frå gårsdagen, både med tanke på verforhold og turfølge. Todalen vart bytta ut med Jordalsgrenda, og vi fekk avlagt ein visitt både på Trolltind og Ryssdalsnebba. Der vi i går var bortimot for oss sjølv til fjells var dagen i dag den rake motsetninga - lassevis av folk i alle himmelretningar. Nok ein fenomenal dag i minneboka!

Kart