Hesten, Tritindan og Sandvikhaugen (31.08.2022)


Duration 8h 57min
Distance 20.0km
Vertical meters 1,995m
GPS
Ascents Hesten (1,621m) 31.08.2022
Nordre Sandvikhaugen (1,637m) 31.08.2022
Tritindan (1,610m) 31.08.2022

5 grader på parkeringa i Nerdalen og antydning til ståpels på leggen nedunder shortsen. Årstid: Hausten. Turmål: Hesten. Denne hadde vi prata om lenge, og no hadde vi endeleg fått plotta inn ein finversdag i kalenderen.

Snaut med informasjon å finne om denne toppen, og enda mindre å finne om ruteføring opp. Eit slør av mystikk gjorde dermed eventyrlysta desto større, og dagens turfølge på to passasjerar tek samfunnsoppdraget sitt på alvor. Her var det berre å ta saken i eigne hender og få lagt eit GPS-spor fortast råd.

Innover Grasdalen til Viromsetra, og deretter opp ryggen, der småbjørk og myr etterkvart vart til stein. I prosessen med å forsere småbjørk fekk vi oss ei overrasking da ei elgku plutseleg spratt opp av kjerret ein timeter framfor oss. Ho såg minst like overraska ut som oss - forståeleg nok det, sidan det ifølge Peakbook ikkje er folk oppi lia her riktig dagleg.

Vidare oppover ryggen spaserte vi langs kanten av nokre spektakulære renner, og etterkvart åpenbara det seg fleire rutevalg, der vi enda opp med å dreie meir over på sørsida så fort sjansen dukka opp. Tørr stein i sørsida trumfar fuktig mose i nordsida alle dagar i veka.

Vi kunne truleg ha gått for ein litt meir direkte ankomst siste biten til topps, men enda med å traversere eit stykke vestover, og deretter forsere opp innerst i eit "hjørne" utan alt for mange gode tak, før vi fekk ein lett etappe siste biten opp til varden på Hesten. Foto frå lufta viser litt av størrelsen på både fjell og bre.

Dagens toppar på rekke og rad, omslutta av Vinnubreen som stadig blir mindre, men framleis er ganske stor.
Dagens toppar på rekke og rad, omslutta av Vinnubreen som stadig blir mindre, men framleis er ganske stor.
Toppen på Hesten sett frå nord, med Kongskrona og Dronningkrona bak. Flottare utsiktspunkt mot "Nordmøres Vallée Blanche" er det vanskeleg å finne
Toppen på Hesten sett frå nord, med Kongskrona og Dronningkrona bak. Flottare utsiktspunkt mot "Nordmøres Vallée Blanche" er det vanskeleg å finne

Vidare til Tritindan utan særlege vanskar, og deretter retur ned på Vinnubreen, der vi kryssa eit kort parti for å kome oss opp mot Sandvikhaugen. Eit gufs av lengsel etter vinter da vi stod på Sandvikhaugen utan snø og ski, vel vitande om moroa denne bakken kan by på den tida av året. Vel nede ved Dalsbøen var det berre asfalten innover Viromdalen som låg mellom oss og bilen - ei utfordring som ikkje framstod som all verden etter dagens ferd.

Ein dag av den sorten som kjem til å vare livet ut.

På Toppen av Tritindan, med enkel kliving både opp og ned. Vi valde å avslutte ryggtraversen her i frykt for å møte på ein blindveg opp sva og hamrar mot Sandvikhaugen
På Toppen av Tritindan, med enkel kliving både opp og ned. Vi valde å avslutte ryggtraversen her i frykt for å møte på ein blindveg opp sva og hamrar mot Sandvikhaugen
Tritindan med kjente Trollheimsfjell bak
Tritindan med kjente Trollheimsfjell bak

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.