Navardalsnebba og Tåga (30.08.2022)


Duration 5h 46min
Distance 22.4km
Vertical meters 2,283m
GPS
Ascents Navardalsnebba (1,655m) 30.08.2022
Navardalsnebba S1 (1,456m) 30.08.2022
Såtbakkollen (1,632m) 30.08.2022
Såtbakkollen sør (1,617m) 30.08.2022
Tåga (1,840m) 30.08.2022
Tåga S2 (1,688m) 30.08.2022

Fin runde med start frå Fale. Den T-merka stien som svingar seg oppover lia er ein fornøyelse å gå - lettkjøpte høgdemetrar i bratt terreng. Vidare innover mot Navardalsnebba blir det mindre sti og meir stein, der enkelte steinar ligg meir uroleg enn andre.

Bratt ned i dalen og like bratt oppatt til ryggen på Tåga. Mykje laus stein på dette partiet, men ikkje hverken vanskeleg eller krevande ruteføring reint terrengmessig, sjølv om det ser slik ut på avstand. Fin etappe nordover til toppen av Tåga, og minst like fin sørover ryggen på retur. Lang og ikkje alt for inspirerande etappe frå Såtbakkollen (det er forresten berre ein sunndaling som kan kome på å kalle dette ein "kolle") ned til stien.

Litt skodde som kom og gjekk på toppane, ellers god seinsommartemperatur.

Billedskjønt opp mot Navardalsnebba
Billedskjønt opp mot Navardalsnebba
Badevatn med utsikt mot Skjerdingfjellet nede i dalen mellom Navardalsnebba og Tåga
Badevatn med utsikt mot Skjerdingfjellet nede i dalen mellom Navardalsnebba og Tåga
Gullrekka på motsatt side av dalen - Søre og Store Trolla
Gullrekka på motsatt side av dalen - Søre og Store Trolla

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.