Oppdal Fjellmaraton (27.08.2022)


Duration 4h 34min
Distance 43.0km
Vertical meters 2,188m
GPS
Ascents Grønhøa (1,157m) 27.08.2022
Høghøa (1,308m) 27.08.2022
Kinna (1,250m) 27.08.2022
Stensesbruna (1,210m) 27.08.2022
Storgruvpiken (1,387m) 27.08.2022
Vålåstadhåmmåren (1,195m) 27.08.2022

Deltaking på Oppdal Fjellmaraton for tredje gong, dette året med ny start frå Svahøvegen og opp mot Tyrikvamfjellet. 6 kilometer i ny trasé før vi kom inn på normalløypa før stigninga mot Høghøa.

Prøvde etter beste evne å porsjonere kreftene for å ikkje gå på ein stjernesmell halvvegs, slik tilfellet har vore dei to gongane tidlegare. Det viste seg å vere ein bra strategi, og ved passering Remmasetra halvvegs var det framleis bra med krefter att på tanken. Låg på 11. plass her, og fekk oppmuntrande beskjedar frå løypevakter om avstanden oppover i feltet.

Passerte to mann i terrenget sørover til Stensesbrona, før eg feia forbi nestemann ned til matstasjonen ved passering 32 kilometer. Hadde gode bein opp "Dynafit-bakken" til Vålåstadhammarn, og henta nok ei plassering på veg opp. Mot toppen av Vangslia vart ein ny mann passert, før det bars nedover mot mål.

Spurte ei løypevakt i Ådalen om avstanden fram, og fekk til svar at det nok var "eit par minutt". Tidlegare har eg sjølv fått erfart at det kan gå smått ned mot mål om beina er knust, så her var det berre å håpe på det beste. Nådde att femteeplassen på grusvegen ned mot Gamle Kongeveg, og fekk fort ei komfortabel luke. 500 meter før mål dukka fjerdeplassen opp langs gangstien - her var det berre å tømme tanken. Fekk skvisa ut ein god langspurt og kom i mål til fjerdeplass totalt og tredjeplass i herreklassen. Måtte sjå meg slått med god margin av beste dame, men det la på ingen måte nokon dempar på stemninga. Fekk også raska med meg spurtprisen opp Dynafitbakken, så det vart ein tilnærma komplett dag i Oppdalsfjella.

Skikkeleg bra respons frå start til mål, god energi og bra flyt heile vegen, og krefter nok til å gi på siste biten til mål. "Løpekarrierens" høgdepunkt!

Foto: Haakon Lundkvist
Foto: Haakon Lundkvist
Foto: Haakon Lundkvist
Foto: Haakon Lundkvist

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.