Fremre Grynningshøa (21.04.2022)


Duration 6h 51min
Distance 29.7km
Vertical meters 1,885m
GPS
Ascents Fremre Grynningshøa (1,482m) 21.04.2022
Øst for Indre Grynningshøa (1,415m) 21.04.2022
Indre Grynningshøa (1,468m) 21.04.2022
Lorthøa (1,344m) 21.04.2022
Lorthøa Nord (1,161m) 21.04.2022
Lorthøa Nordvest (1,261m) 21.04.2022
Nonshøa (1,529m) 21.04.2022

Innsausa med faktor 50 og iført kortbukse og korterma var dagens turfølge på to klare for rundtur sør for Storligrenda. Ein vårdag av beste sort starta opp Grugguskaret, der vi tidleg kunne konkludere med at dagens arbeidsantrekk var eit godt val.

Ei overraskande lite skvetten rype nyt utsikta mot Neådalssnota
Ei overraskande lite skvetten rype nyt utsikta mot Neådalssnota

Etter å ha avlagt besøk på Lorthøer av ymse slag retta vi kursen sørover i retning Fremre Grynningshøa. Utvilsomt eit av Trollheimens flottaste områder vinters tid - som henta ut frå eit postkort med snødekte toppar så langt ein kan sjå.

Ein av Trollheimens mest billedskjønne plassar - på veg mot Framre Grynningshøa
Ein av Trollheimens mest billedskjønne plassar - på veg mot Framre Grynningshøa
Utsikt mot Sunndalen og ryggen opp mot Klingfjellet
Utsikt mot Sunndalen og ryggen opp mot Klingfjellet
Klingfjellet og Klingråket
Klingfjellet og Klingråket

Retur via Nonshøa, der vi kunne nyte nedkøyring i mjuk ettermiddagssnø. Ein lang og fin runde der både jakke, bukse, lue og vottar fekk liggje urørt i sekken.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.