Snota, Grøafjellet og Vassdalsfjellet (09.10.2021)


Duration 7h 39min
Distance 43.2km
Vertical meters 2,377m
GPS
Ascents Grøafjellet (1,139m) 09.10.2021
Snota (1,669m) 09.10.2021
Litl-Snota (1,566m) 09.10.2021
Snota N (1,284m) 09.10.2021
Snota SØ (1,214m) 09.10.2021
Snota Ø (1,227m) 09.10.2021
Svarthammaren (1,128m) 09.10.2021
Vassdalsfjellet (1,204m) 09.10.2021
Vassdalsfjellet N (1,182m) 09.10.2021

Truleg sesongens siste langtur i høgfjellet - med varsel om nedbør i form av snø kommande veke var det berre å snøre skoa og få banka inn kilometer til fjells. Dagens arbeidsantrekk vart shorts og korterma, som ikkje er så aller verst no når julebrusen har kome i butikk.

Ein mild og god vind heldt meg med selskap langs grusvegen inn til Vassdalen. Derifrå via ein heller perifer "smultring", før turen gjekk via Litj-Snota og til topps på Snota. Førstemann i boka denne laurdagen, men så absolutt ikkje den einaste i år. Det er tydelegvis mange som får gleda av utsikta herifrå i løpet av eit år.

Deretter var det meir listefyll aust og sør for Snota som stod på programmet. Neppe toppar som kjem til å bli besøkt så mange gongar, men ein bra måte å få til ein rundtur på. Via Vassdalsfjellet og deretter med slitne bein same vegen som eg kom.

Observasjon av både mus og lemen på dagens tur, men folk såg eg ikkje før eg kom ned i Vindøldalen igjen. Som alltid eit betydleg antal ryper som var fornøgd med at det berre var ein ubevæpna mosjonist som forstyrra dei.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.