Via Ferrata Loen (22.08.2021)


Turlengde 5t 57min
Distanse 3,9km
Høydemeter 1019m
GPS
Bestigninger Hoven (1011moh) 22.08.2021

Via Ferrata Loen. Vi leide utstyr og var med på guida gruppetur opp ståltråden saman med Loen Active. Ein dag med mykje moro og ein god del venting da det var mange grupper ute på denne strålande søndagen. Optimale forhold for intensiv venting, så det la ingen dempar på stemninga. Flott opplegg med varierande vanskegrad, og med fleire ruter å velje mellom. Også muleg å gå denne utanom arrangerte gruppeturar om ein har utstyr sjølv.

Kunne nyte både brus og is til blodpris på toppen før vi fekk skyss med gondol nedatt (inkludert i prisen for Via Ferrata hos Loen Active).

Bileta er frå ruta "Tors Hammer" tett oppunder toppen på Hoven.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.