Eggenipa (21.08.2021)


Duration 4h 19min
Distance 18.4km
Vertical meters 1,325m
GPS
Ascents Eggjenibba (1,338m) 21.08.2021
Frukostutsikt ved camp. Vanskeleg å ikkje få lyst på ein tur til Eggenipa når ein er i Byrkjelo
Frukostutsikt ved camp. Vanskeleg å ikkje få lyst på ein tur til Eggenipa når ein er i Byrkjelo

Etter tips frå kjentfolk vart dagens utfartsmål Byrkjelo og Eggenipa/Eggjenibba. Med litt research viste det seg at dette er ein tur som lokalbefolkninga (i alle fall nokre av dei) forsøker å promotere som ein attraksjon som kan nevnast i same åndedrag som Romsdalseggen og Besseggen. Med eiga nettside der ein finn god info om turen var planlegginga dermed enkel. For dei ivrigaste er det dessutan muleg å kjøpe termos, lue og t-skjorte med eigen logo på heimesida. Vii hadde dessverre allereie pakka sekken, så vi stilte utan Eggenipa-uniform på veg til topps...

Bomvegen opp til parkeringa bar preg av å vere oppussa og dimensjonert i henhold til plana om at Eggenipa skal bli ein turistmagnet. Utrusta med bobil og ein førar som er meir glad i spenning på fjellet enn på smale grusvegar, så vart bilen likevel ståande i låglandet.

Vi følgde stien frå den første av dei to parkeringane - godt merka og på god sti. Etterkvart gjekk denne stien saman med stien som kom brattare opp frå den innerste parkeringa. Deretter lett og artig kliving til topps i inspirerande terreng og omgivelsar.

Siste rest på ryggen til topps
Siste rest på ryggen til topps
"Tok med egen IPA på Eggenipa". For bra ordspel til å la det passere, så da vart det med ein røvar i sekken på veg opp
"Tok med egen IPA på Eggenipa". For bra ordspel til å la det passere, så da vart det med ein røvar i sekken på veg opp

Ein lang pause ved varden i godveret før vi fortsette sørover langs ryggen, framleis geleida av god raudmerking. Deretter ein fin etappe ned i dalen og fram att til bilen, heile vegen på god sti og i flott terreng.

Det er altså ikkje utan grunn at lokale krefter vil fremme denne rundturen - rett og slett ein skikkeleg fin variant til ein markant topp i Byrkjelo. Det einaste som manglar er vel ein øl frå eit lokalt mikrobryggjeri med det klingande namnet "Egen IPA"?

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.