Trekanten (17.08.2021)


Duration 6h 49min
Distance 58.3km
Vertical meters 2,007m
GPS
Visits of other PBEs Gjevilvasshytta (710m) 17.08.2021
Jøldalshytta (740m) 17.08.2021
Trollheimshytta (540m) 17.08.2021

Vått og grått, men med bortimol optimal temperatur for å bevege seg i fjellet. Skodde og lite sikt gjorde førsteetappen mellom Gjevilvasshytta og Jøldalshytta til ei monoton affære - itt sau og eit par reinsflokkar var stort sett beholdninga.

Gradvis lettare skydekke gjennom Svartådalen, som defintivt var plassen å opphalde seg for den som likar våte sko. Godt med overvatn i stien stort sett heile vegen. Årsferske(?) klopper siste biten ned til Trollheimshytta gjorde ferda over myra temmeleg reinsleg.

Prøvde å legge inn ein langspurt opp "De syv skuffelser" frå Trollheimshytta til Mellomfjellet. Forsåvidt eit vellykka forsøk, men fekk att med renter og vel så det siste biten opp til Riarskaret. Derifrå i slak unnabakke og på god sti nedatt til bilen.

Absolutt blant Trollheimens flottaste for den som er glad i lange dagar på god flytsti!

Kombinasjon av sti og bekk langs Svartåa
Kombinasjon av sti og bekk langs Svartåa

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.