Storlifjella (05.08.2021)


Duration 7h 37min
Distance 34.7km
Vertical meters 2,189m
GPS
Ascents Hovmannshytten (1,290m) 05.08.2021
Hyttdalskamben (1,308m) 05.08.2021
Storlifjellet NN (1,364m) 05.08.2021
Midtre Storlifjellet (1,583m) 05.08.2021
Nordre Storlifjellet (1,488m) 05.08.2021
Søndre Storlifjellet (1,554m) 05.08.2021
Storlifjellet Sør for Søndre (1,456m) 05.08.2021
Visits of other PBEs Vassendsetra (684m) 05.08.2021

Dag to av den to dagar lange treningsleiren vart lagt til fjella nordom Storlidalen. Med start på Bårdsgarden var Storlifjella dagens hovudattraksjon, med Hyttdalskammen og Hovmannshytten som ekstra krydder i miksen.

I langt meir løpbart terreng enn gårsdagens (men med ein smule mindre løpbare bein) staka vi ut kursen nordover. Tidleg på dagen var det berre blå himmel å sjå, men statsmeteorologen gjetta på torever utover dagen. Jaja, ingen tid å miste, så det var berre å halde koken over dagens to første toppar før vi skulle vidare nordover mot Storlifjella.

Frå Hyttdalskammen mot Storlifjella
Frå Hyttdalskammen mot Storlifjella

Dagens tur kunne tilby fleire ulike vinklar mot alltid majestetiske Neådalssnota. Faktisk såpass mange at det var hensiktsmessig med ein liten kavalkade

Etter å ha fått dagens første kilometer ganske billig, så vart framdrifta eit knepp dårlegare nordover langs Storlifjella. Litt opp og ned i steinur av varierande kvalitet gjorde sitt til at det varsla toreveret kom krypande nærare litt fortare enn vi likte. Etter eit kort styremøte på Nordre Storlifjellet beslutta vi å ta raskaste veg vestover ned i dalen, og prøve å rekke oss heimatt i tørr tilstand.

Storfagerlitjønna med ei farge som truleg vitnar om kaldvatn
Storfagerlitjønna med ei farge som truleg vitnar om kaldvatn
Ned lia til raudmerka sti sørover langs Folddalen
Ned lia til raudmerka sti sørover langs Folddalen

Turen heimover gjekk langt radigare i lett terreng, men med ein vegg av gråver som stadig kom drivande inn frå vest. Ein kort stopp på Vassendsetra fekk vi likevel lurt inn, før vi fann det mest hensiktsmessig å runde av mens leiken var god, og vi ankom parkeringa omtrent samtidig med dagens første dropar regn.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.