Dronningkrona (28.04.2021)
Ascents | Dronningkrona (1,816m) | 28.04.2021 |
---|
Godt ver og framleis tørr snø - da er Dronningkrona eit godt turmål. Tilskyande etterkvart som vi nærma oss toppen, så utsikta vart litt skjemt for dei to i turfølgjet som var førstegongsbesøkande på toppen.
Skylaget letta etterkvart såpass at vi bestemte oss for å prøve nedkøyringa frå toppen mot Sandvikdalen. Tørr og uspora snø med Sunndalsfjorden i bakgrunnen gjorde det til ein spektakulær nedfart i storslagent terreng. Vi peila oss etterkvart inn på høgspenttraséen og labba tilbake i retning oppoversporet. Deretter gjekk vi litt skrått opp i "800-metersbakken" før vi slapp oss ned i dalen og manøvrerte oss ned langs kraftlinja heilt ned i Viromdalen
User comments