Grinaren og Slanglifjellet (31.08.2020)


Duration 5h 28min
Distance 23.7km
Vertical meters 1,967m
GPS
Ascents Grinaren (1,528m) 31.08.2020
Grinaren Sørøst (1,472m) 31.08.2020
Grinaren NØ (1,203m) 31.08.2020
Grinaren V (1,352m) 31.08.2020
Litjgrinaren (1,026m) 31.08.2020
Slanglifjellet Vest (1,422m) 31.08.2020
Slanglifjellet (1,488m) 31.08.2020
Søndre Storfjellet (1,010m) 31.08.2020

Null komma null. Det var fasiten frå gradestokken på bilen da eg parkerte ved stistart opp til Storfjellet. Klårversnatta hadde gjort sitt til at starten på dagens tur vart direkte hustrig. Heldigvis er stien opp til Storfjellet tilrettelagt på ein slik måte at ein fort får varmen i seg, for her er det rett i arbeid opp lia.

Dagens høgdepunkt i Todalsfaunaen dukka opp ved bilen allereie før turen hadde starta
Dagens høgdepunkt i Todalsfaunaen dukka opp ved bilen allereie før turen hadde starta

Etter å ha raska med meg to "småtoppar" eg mangla etter fjorårets deltaking på Kårvatn Skyrun, tok eg vegen inn i botnen mellom Skjerdingfjellet og Grinaren i jakt på minste motstands veg til Grinaren V. Ei rimfrossen steinur innover i skuggen var det som møtte meg av motstand, men ikkje verre enn at turen opp foregjekk på udramatisk vis. Herifrå gjekk turen vidare i sola austover via Grinaren til Slanglifjellet.

Frå dagens første topp, med utsikt mot Skjerdingfjellet og Grinaren
Frå dagens første topp, med utsikt mot Skjerdingfjellet og Grinaren
Godt tilrettelagt for å dingle litt med beina på Grinaren med Grinarvatna nedanfor
Godt tilrettelagt for å dingle litt med beina på Grinaren med Grinarvatna nedanfor

Partiet frå Grinaren til Slanglifjellet er verkeleg ei perle med lettgått terreng og storslagen utsikt mot Innerdalsfjella. Eit solid historisk sus får ein og med på kjøpet med restane frå mange gamle fangstplassar og buestillingar. Forfattaren sjølv var meir opptatt av utsikta enn å leite etter pilspissar, og tok seg god tid til å skue utover Innerdalspanoramaet før turen gjekk nordover via Grinaren NØ og nedatt til bilen.

Litt sukker på toppane
Litt sukker på toppane
Grinaren speglar seg i Øvre Grinarvatnet. Eit skikkeleg flott fjellområde og ein nydeleg haustdag!
Grinaren speglar seg i Øvre Grinarvatnet. Eit skikkeleg flott fjellområde og ein nydeleg haustdag!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.