Seterfjellet, Indre Fauskånebba og Blånebba (28.08.2020)
Ascents | Blånebba (1,422m) | 28.08.2020 |
---|---|---|
Blånebba Øst (1,375m) | 28.08.2020 | |
Indre Fauskånebba (1,324m) | 28.08.2020 | |
Seterfjellet (1,087m) | 28.08.2020 |
Bratt start opp grusvegen mot Fauskåvatnet. Langs myr og dyretråkk vidare innover dalen til Seterfjellet. Returen var i utgangspunktet planlagt same veg, men det såg fristande ut å ta seg opp vestover mot Blånebbvatnet. Tok turen oppom Indre Fauskånebba og Blånebba før returen gjekk ned i Søyådalen via Holtasetra og tilbake til bilen.
![Frå Seterfjellet såg det rimeleg bratt ut for å kome seg opp i skaret mellom Blånebba og Indre Fauskånebba](https://images1.peakbook.org/images/11029/aarvag_20200830_5f4b9e5a242e7.jpeg?p=large)
![Når ein først kom seg opp i lia var det ganske uproblematisk å ta seg fram. Skikkeleg laust dei siste metrane over kanten, så her fekk eg flytta på litt stein og grus](https://images1.peakbook.org/images/11029/aarvag_20200830_5f4b9e5d41869.jpeg?p=large)
User comments