Rundtur frå Nordvik (27.08.2020)


Duration 5h 52min
Distance 25.5km
Vertical meters 2,122m
GPS
Ascents Bollknubben (871m) 27.08.2020
Fossafjellet (790m) 27.08.2020
Gråfjellet (1,105m) 27.08.2020
Storfjellet (867m) 27.08.2020
Indre Sula (1,326m) 27.08.2020
Sula Sør (1,102m) 27.08.2020
Ytre Sula (1,318m) 27.08.2020
Visits of other PBEs Svinviksetra p-plass (380m) 27.08.2020

Ein forsmak på hausten med fem-seks varmegrader og ei sol som ikkje hadde stått opp skikkeleg da eg starta frå bilen ved vegenden. Etter nokre minutts gange fekk eg verifisert at myra var akkurat så kald som eg hadde venta - det skulle bli mykje myr utover dagen, så det var like greit å trø skoa godt under først som sist.

Langs våt og sleip sti var det berre å halde farta oppe slik at kroppstemperaturen kunne haldast ved like. På omtrent 1100 moh tok eg av frå merka løype og la ruta via Sula Sør, utelukkande for å få kryssa av den på lista. Deretter meir eller mindre beint på Ytre Sula, som kunne by på sedvanleg flott utsikt vestover, der skodde måtte gi tapt for sol.

Morgonsola i ferd med å få rydda opp i skodda utover Neslandet
Morgonsola i ferd med å få rydda opp i skodda utover Neslandet

Vidare bar det austover for mitt første besøk på Indre Sula. Eit par dagar gammalt dryss av nysnø gjorde steinura litt sleipare enn kva som kan reknast som behageleg, men ikkje nok til at det vart riktig vanskeleg. Litt av og på med skodde her oppe, men likevel mektig utsikt - rett og slett ein fin topp!

Ned langs ryggen austover mot Indre Sula
Ned langs ryggen austover mot Indre Sula

Vidare gjekk turen til Gråfjellet, og deretter over myrene via Storfjellet, Bollknubben og Fossafjellet. Ein flott rundtur i vekselvis myr og steinur, for den som er glad i slikt. Store mengder med både rype og molt undervegs, så her oppe kan ein leve lenge av det naturen har å by på dersom ein er tilstrekkelig bevæpna. (Forfattaren fekk teke livet av ei betydeleg mengde molt sjølv i ubevæpna tilstand)

Truleg blant Nordmøres flotteste beiter med Trollhøtta ruvande i bakgrunnen
Truleg blant Nordmøres flotteste beiter med Trollhøtta ruvande i bakgrunnen

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.