Dronningkrona (26.04.2020)


Tourlänge 2h 51min
Entfernung 14,6km
Höhenmeter 1.571m
GPS
Besteigungen Dronningkrona (1.816m) 26.04.2020

Ein aprildag med fantastisk bra skiføre og tidvis fantastisk dårleg sikt. Vi hadde håp om bingo etter å ha studert ei ganske sprikande værmelding, men måtte seie oss fornøgd med å finne vegen til topps i skodda.

Fin temperatur, eit lite lag nysnø på fast skare og ikkjeeksisterande vind bidrog til at det likevel vart ein bra skidag for oss og resten av den temmeleg mannsterke troppen som fann vegen til Dronningkrona denne søndagen. På veg ned igjen letta det såpass at vi fekk brukbar køyring ned til bilen, om enn i ganske så dårleg lys. Mykje snø i fjellet gir håp om ein lang vårsesong med nye ekspedisjonar på jakt etter sola.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.