Archivo - fecha

Amigos de Peakbook

Hasta el momento no tengo "contactos Peakbook".

Listas obtenidas

Bondhusvatnet og Keisarstien til Folgefonna

Fecha:
18.07.2026

Heilt klart den finaste turen i sommar! Veldig god veg og sti, utruleg flott landskap og ein kjem heilt inn til brekanten.

Mapa    

Runde frå Utne til Grimsnuten

Fecha:
17.07.2026

Eg gjekk opp Utnesdalen og ned att Fossdal. Heile runden er godt merka, men det er velig mykje høgt gras nedi skogen. Så der er lite kjekt å gå der når ein er allergisk. Like under toppen er det mange fine badevatn.

Mapa    

Togga

Fecha:
15.07.2026
Mapa    

Togga i varmen

Fecha:
14.07.2026
Mapa    

Austerdalsbreen i godveret

Fecha:
12.07.2026

Frå Fonn over Jostedalsbreen til Tungestølen

Fecha:
11.07.2026

Tur med Indre Sunnfjord Turlag Yr.no hadde lova sol, og då eg køyrde frå Sogndal grytidleg om morgonen, var det nydeleg ver. Men då eg kom til Skei, høljeregna det. Så det var berre å få på seg regnkleda. Det var både vått og grått opp til Gallen og null utsikt på toppen, men sola kom heldigvis fram rett før me skulle inn på breen. Det var god sti og merking opp til Gallen og ned frå Midtnovi.

Mapa    

Nautgardstinden frå Russtangen

Fecha:
09.07.2026

Dette var ein runde eg hadde gleda meg til lenge, og eg hadde venta nokre dagar på fint turver. Yr.no hadde lova vindstille og knallblå himmel, men på starten av turen var det overskya, litt yr og skodde rundt toppane. Eg sat ei god stund like før toppen og venta på at skodda skulle letta, men sidan eg måtte køyra tilbake Stryn etter turen, kunne eg ikkje venta for lenge. Det frista ikkje å gå innom fleire toppar åleine i skodda, så eg droppa nabotoppane. På veg ned att, letta sjølvsagt skodda. Med utsikt frå toppen, hadde dette vore ein veldig fin tur.

Mapa    

Brurskardknappane og Heimdalshøe

Fecha:
08.07.2026

Eit nydeleg område med veldig lettgått terreng og flott utsikt i alle retningar. Stor parkeringsplass på andre sida av vegen der stien startar. Det var meld ein del vind med kast på 20m/s. Det bles godt over Brurskardknappane, men det var heldigvis litt mindre vind resten av turen.

Mapa    

Mugnetinden

Fecha:
07.07.2026

Utruleg flott bomveg (kr 110), eit nydeleg område og godt merka heilt opp.

Mapa    

Synshorn-Heimre Fagerdalshøe-Kongslinuppen

Fecha:
06.07.2026

Nydeleg runde, men dessverre iskald vind

Mapa