Archive - Date
Archive - Activity
-
Other winter trip (7)
- Snowshoe trip (7)
-
Ski trip (66)
- Cross-country skiing (66)
-
Trip by foot (1)
- Glacier travel (1)
Peakbook-Friends
Favourite trips
- Nydeleg tur til Høgstolen
- Oldeskaret, Flatefjellet og Kvannefjellet nord
- Nydeleg dag på Torvløysa
- Fremstekåpa
- Lomseggje og Storivilen
- Nydeleg tur til Muldalsegga
- Veslfjelltinden til Store Smørstabbtinden
- Breiskrednosi og Bakkanosi frå Jordalen
- Norafjellet og Nordre Trolltinden
- Bondhusvatnet og Keisarstien til Folgefonna
Favourite peaks
Skoddetur til Solfjellet
- Date:
- 21.07.2026
Eg gjekk opp stien frå byggefeltet til Solfjellet og så ned til Mannsvatnet. Det var veldig mykje gras på starten av stien, og for å sleppa å gå i alt graset ned att, gjekk eg ned skogsvegen ved Tverrelva og fekk nokre meter med asfalt på slutten av turen. Eg sat ei stund på toppen og venta på at skodda skulle sprekka opp, men fekk berre eit lite minutt med blå himmel. Det er sikkert ein fin tur viss ein ikkje er allergisk mot gras og går ein dag det ikkje er skodde.
Ulvanosa og Geitadalstind
- Date:
- 20.07.2026
Overraskande fint terreng å gå i! Gratis og stor parkeringsplass nede ved vegen, eller ein kan betala 50 kr og køyra opp grusvegen.
Melderskin
- Date:
- 19.07.2026
Veldig godt merka sti, stor og gratis parkeringsplass der stien startar, mykje stein, men flott utsikt. Etter turen vart det ein liten symjetur ved Rabben feriesenter.
Bondhusvatnet og Keisarstien til Folgefonna
- Date:
- 18.07.2026
Heilt klart den finaste turen i sommar! Veldig god veg og sti, utruleg flott landskap og ein kjem heilt inn til brekanten.
Runde frå Utne til Grimsnuten
- Date:
- 17.07.2026
Eg gjekk opp Utnesdalen og ned att Fossdal. Heile runden er godt merka, men det er velig mykje høgt gras nedi skogen. Så der er lite kjekt å gå der når ein er allergisk. Like under toppen er det mange fine badevatn.
Frå Fonn over Jostedalsbreen til Tungestølen
- Date:
- 11.07.2026
Tur med Indre Sunnfjord Turlag
Yr.no hadde lova sol, og då eg køyrde frå Sogndal grytidleg om morgonen, var det nydeleg ver. Men då eg kom til Skei, høljeregna det. Så det var berre å få på seg regnkleda. Det var både vått og grått opp til Gallen og null utsikt på toppen, men sola kom heldigvis fram rett før me skulle inn på breen. Det var god sti og merking opp til Gallen og ned frå Midtnovi.
Nautgardstinden frå Russtangen
- Date:
- 09.07.2026
Dette var ein runde eg hadde gleda meg til lenge, og eg hadde venta nokre dagar på fint turver. Yr.no hadde lova vindstille og knallblå himmel, men på starten av turen var det overskya, litt yr og skodde rundt toppane. Eg sat ei god stund like før toppen og venta på at skodda skulle letta, men sidan eg måtte køyra tilbake Stryn etter turen, kunne eg ikkje venta for lenge. Det frista ikkje å gå innom fleire toppar åleine i skodda, så eg droppa nabotoppane. På veg ned att, letta sjølvsagt skodda. Med utsikt frå toppen, hadde dette vore ein veldig fin tur.
