Bukkehåmaren-Høgdebrotet-Tjønnholstinden-Tjønnholsoksle (01.08.2024)
Ascents | Bukkehåmåren (1,910m) | 01.08.2024 |
---|---|---|
Høgdebrotet (2,226m) | 01.08.2024 | |
Kvassryggen (2,071m) | 01.08.2024 | |
Steinflytinden (2,318m) | 01.08.2024 | |
Tjønnholsoksle (2,145m) | 01.08.2024 | |
Tjønnholstinden (2,330m) | 01.08.2024 | |
Tjønnholstinden NØ (2,180m) | 01.08.2024 |
Det var god sti til Bukkehåmaren og lett å gå vidare til Kvassryggen. Eg streva ein del med å koma opp siste biten før Høgdebrotet. Det er absolutt ikkje beste plassen å vera på når ein slit med høgdeskrekk. Så etter å ha prøvd ei stund, snudd eg. Men eg møtte heldigvis på ei tøff dame frå Bergen som eg gjekk saman med resten av turen. Mellom Steinflytinden og Tjønnholstinden var det ikkje lett å sjå kvar det var lurt å gå, og det vart klyving opp og ned og hit og dit. Det hadde kanskje vore betre å gå lengre ned. Frå Tjønnholstinden og vidare til Tjønnholsoksle og ned i Leirungsdalen, var det fint å gå. Stien nede i dalen var fin, men litt myr og vierkratt innimellom, og vi fekk problem med å kryssa elva. Så det vart ein lang dag, men når ein har supert turfølgje går det fint:) Då eg skulle setja opp teltet mitt om kvelden, fekk eg raudvin av to hyggelege tyskarar, ein super avslutning på dagane i Jotunheimen. Det er heilt umogleg å gi terningkast til ein slik tur, for utsikta og turfølgje er terningkast 6, men dette er neppe ein tur eg går igjen.
User comments
Steinflytinden
Written by ArvinDeep 05.08.2024 08:07Hei. Hyggelig møte på Steinflytinden og godt å se dere kom dere vel tilbake. Jeg tror jeg så dere oppe på Tjønnholstinden, da jeg var omtrent midt mellom Steinflytinden og Høgdebrotet. Jeg la inn et zoomet bilde på min turrapport. Imponerende turrekke forøvrig og flotte bilder! Lykke til videre med turene. Mvh Jarle (tjukkasen med høydeskrekk)
Sv: Steinflytinden
Written by Soli 06.08.2024 08:23Hei!
Takk for det:)
Det var veldig kjekt å treffa deg på Steinflytinden. Det er heilt utruleg at to med høgdeskrekk tok denne turen same dag. Det er tøft gjort av deg å gå denne runden åleine, men det ser ut som du fekk ein utruleg flott tur, flotte foto og detaljert rapport. Det var artig at du tok bilde av oss på toppen. Lykke til vidare med turane, og gi ein lyd viss du skal på fjelltur i Stryn ein gong:)
Helsing Hilde (ho du gav mobilen)