Viss ein er veldig glad i å gå i ur, bjørkekratt og bratte grasbakkar utan å møta folk er dinna turen heilt perfekt. For alle andre finst det mange andre fine turar å velja mellom....
God sti opp til Heimste Rinddalsvatnet. Skrådde oppover mot Skardhornet frå demninga. Ein del ur og bjørkekratt i starten, men vart lettare å gå etter kvart.
Kom ned att frå Skardhornet mellom dei to Rinddalsvatna, følgde stien eit stykke. Det frista ikkje å gå opp gjennom kratt og ur til Humpen. Så eg følgde eit dyretrakk nesten til Varelivatnet før eg gjekk oppover mot Humpen.
User comments