Torhaugen/Torhågjen
- Date:
- 16.10.2020
- Distance:
- 13.5km
Tidleg avreise frå hytta for å rekke å komme avgårde tidleg slik at vi fekk nyte heile dagen ute i sola. Målet for dagen var to postar i årets Fjelltrim (Vad og Gavelen). I tillegg måtte vi innom Torhaugen, eller Torhågjen som den eigentleg heiter. Det vart ein lang tur med blå himmel og sol og nok av tid til å ta fram primusen og lage både kaffi og middag på vegen :)
Stien er godt merka opp Nørlandsdalen og det er skilta til Torhågjen på stien mot Kalvedalshytta. Stien startar bak den kvite seterbygget. Den er merka med kvit/raud påle. Vidare er det greitt merka med vardar og påler opp til vatnet. Det er nokre plassar den kan være lett å miste, så kikk etter nye vardar og pålar i god tid.