Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Fanaråken familietur

Date:
02.08.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:00h
Distance:
11.8km

Herleg topptur med heile familien og overnatting på Noregs høgaste turisthytte. Trass i nokså bra vêrmelding vart det etterkvart nokså fuktig og surt. Vel framme på Fanaråkhytta gjekk ungane rett i soveposane for opptining :). Det skulle vise seg at det vart heile 70 gjestar denne natta fordelt på 34 sengeplasser på sovesalane. Til og med tørkerommet vart soveplassar(!), og sovesalane vart derfor tørkerom etter ein blaut dag. Men all honnør til betjeninga som organiserte dette på beste måte! Neste morgon kunne dei by på smakfull frukost med nybakte brød. Vi returnerte same vegen, og med opphaldsvêr, utsikt og nedoverbakke gjekk returen lett som ein plett!

Map    

Kvitingskjølen

Date:
30.07.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
8:19h
Distance:
17.3km

Flott rundtur med Andrea over alle Kvitingskjølene. Teltovernatting på Sålell.

Map    

Semelholstindtraversen

Date:
21.07.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
8:15h
Distance:
20.0km

Artig, luftig og spennande rundtur over Semelholstindane med Hans Morten. Runda utover mot Urdadalen og nådde Nørdre via nord-aust-ryggen. Temmeleg greit opp hit. Vidare sørover ryggen er det noko luftig, smalt og laust. Vi rappelerte 3 hammrar, men desse kan nok også forserast på anna vis. Det er ein del laust på ryggen og ei stor blokk løsna nesten utan belastning, men heldigvis utan å skade oss. Til slutt klatra vi ei kort taulengde frå skaret og opp til sjølve Semelholstinden (grad 3?). Retur via Visbrean.

Map    

Galdhøe og Kjelhøe

Date:
03.10.2015
Characteristic:
Hillwalk

Flott haustferietur med Andrea .

Map    

Spiterhøe via Leirgrove

Date:
30.08.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:00h
Distance:
13.6km

Fin tur med inge (Inge Duklæt) :)

Map    

Kvitingskjølen

Date:
29.08.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:12h
Distance:
16.8km

Fin runde med inge (Inge Duklæt) :)

Map    

Overnattingstur til Kyrkja

Date:
15.08.2015
Characteristic:
Hillwalk

Flott tur med Ivar og andreasperstad (Andrea Sperstad) til Kyrkja. Basecamp på haugen bak reinshytta, der vi ikkje kunne sjå Leirvassbu. Storkosa oss med teltlivets gleder før ekspedisjonen til Kyrkja neste dag. Turen gjekk fint og vi nådde toppen i fint vêr.

Map    

Lomseggen

Date:
22.07.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
8:20h
Distance:
17.7km

Fin tur med Andrea til Høgste Lomseggen, eller Storivilien som den blir kalla. Vi gjekk opp skogsvegen frå Ytre samen med ca 1 million flugu. Retur via Åndahytta og skogsveg/sti ned til Ånstad.

Map    

Glittertind

Date:
17.07.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:01h
Distance:
12.4km

Flott tur til Glittertind med Andrea og Ivar.

Map    

Tverrådsalskyrkja

Date:
27.06.2015
Characteristic:
Hillwalk

Pappa hadde føringstur for Sota Sæter og Jorun Svingen, og det var ein fin gjeng som traska oppover mot skogen med Tverrådalskyrkja i siktet. Eg hadde også lyst til å bli med, og det gjekk heilt fint. I høgda var det framleis ein del laus snø, så forholda var ikkje dei enklaste. Men vêret var flott og alle kom seg til topps.

Map