Archive - Date
Archive - Activity
-
Ski trip (6)
- Backcountry skiing (2)
- Randonnée/Telemark (4)
-
Trip by foot (17)
- Alpine trip (2)
- Hike (1)
- Hillwalk (14)
Peakbook-Friends
Uranostind - sørryggen
- Date:
- 26.09.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 5:30h
- Distance:
- 16.3km
Burdagstur til Uranostind. Eg har lenge ynskt meg opp her frå då eg var på Falketind med bror for nokre år sidan. Det var særs lite snø for årstida, berre eit lite dryss som var fire dagar gamalt. Eg var difor nokså sikker på at sørryggen kom til å vera turr nok til å gå opp utan tau. Det at Apetor har gått opp sørryggen åleine er i seg sjølv ingen indikator på at det var trygt nok, men etter sumarens turar skulle vel dette gå. Eg køyrde på snaue tre timar heimante på Geilo til Koldedalen. Ingen skyer og snautt nok noko vind. Det var nokre få bilar i Koldedalen, men langt frå så mykje det kan vera. Eg brukte cirka to timar til sørtoppen og 2,37min til hovudtoppen. På skardet mellom sør- og hovudtoppen såg eg eit taulag oppover ryggen, som eg passerte. Fire trøndarar, >>>


