Eidsbugarden-Drylleberget-Dryllenøse-Hundeknappen (11.07.2018)


Start point Eidsbugarden (1,060m)
Endpoint Eidsbugarden (1,060m)
Characteristic Hillwalk
Duration 7h 30min
Distance 28.0km
Vertical meters 1,146m
Map
Ascents Drylleberget (1,515m) 11.07.2018
Dryllenøse (1,510m) 11.07.2018
Hundeknappen (1,547m) 11.07.2018

Gjekk frå Eidsbugarden og følgde DNT-stig inover Vennisstøldalen. Mykje grov steinrys, så det gjekk ikkje så fort. Då eg kom til enden av Vennisdalstjernet gjekk eg ryggen opp mot Drylleberget. Derfrå sikta eg meg inn på DNT-stigen der den går mellom Dryllin og eit mindre vatn. Runda Dryllin og gjekk opp på Dryllenøse frå sør. Så bar det vestover igjen på fint underlag. Følgde ryggen vest for Dryllenøse. Gjekk opp skaret aust for Hundeknappen og runda den austre delen av Hundeknappen. Gjekk opp til toppen frå austsida. På vestsida fant eg eit høveleg plass å gå ned frå toppen og sikta meg inn på DNT-stigen mellom nokre småvatn vest i Vennisstøldalen. Rakk akkurat middagen på Fondsbu. :)

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.