Kom først til ein mindre tunnel på 50-60 meter, men advarslane var vorte meir seriøse. Tenkte at det kunne ikkje vera problem med å pusta i den korte tunnelen så tok meg igjennom den, deretter kom dette skiltet, og varsel om tunnellengde på 1922 meter. Trudde jo det var herifrå dei eg traff hadde komme, men tok ikkje sjansen.
Lenger oppe var ein ny tunnel og eg traff nokre ungdommar som sa dei akuratt hadde komme ut. Eg fortalte om advarselsskiltet lenger nede, dei hadde ikkje sett noko på denne tunnelen, som dessuten "berre" var omlag 1 km. Var ikkje like høg som den første store tunnelen, så gjekk mykje krokrygga her.
User comments