Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
Lieblingstouren
- Frå Liarvatnet til Hengjane om Longavatnet og
- Lodalskåpa fra Bødalssætra
- Austanbotntindtraversen fra Berdalsbandet
- Jiehkkevárri fra Indre Holmbukta, høyest i Troms
- Travers av Skardstind (vest til øst)
- Hinnåtefjellet, Semeltind, Hellstugutindar fra V.
- Folgefonna, Etne og Kvinnherad
- Knutsholstindtraversen fra Torfinnsdalen
- Travers av Nordre Maradalstindar og
- Store- og Midtre Ringstind fra Ringsdalen
Lieblingsgipfel
Gramsfjellet, Skjørbu og Longaberg frå Bjørheimsheia/Leite
- Datum:
- 01.12.2018
Grei desembertur til tre nærtoppar; heile 30 år sidan sist for to av dei. Vekslande ver med ei byge på slutten av turen. Støkte opp ein kvit hare oppunder Skjørbu, han hadde heilt feil farge etter forholda. Kvitt sludd hadde lagt seg over 700 moh, men ellers ikkje antydning til vinter ennå.
Tok til slutt turen oppom Longaberg frå fellesfjøset. Tyngre enn eg kan hugsa, men den gamle vegen me gjekk før, var tydelegvis ikkje i bruk lenger. Den gjekk opp til venstre for fellesfjøset, i fortsetjinga av bilvegen. Nå vart det mykje bushing i stilaust terreng.
Heiahodnet og Småsilhodnet frå Liarvatnet
- Datum:
- 18.11.2018
Flott ettermiddagstur til begge "hodna". Reine sommardagen i sola, men rim i skyggen i Foreneset, og dessutan grautskodde uti fjordane. 50 min til varden på Heiahodnet normalvegen, så bortom høgste punkt og bratt ned og opp på Småsilhodnet på 25 min, til saman 2 timar 20 min på tur. Mindre sleipt og glatt gjennom Småsildalen enn venta.
Eit døgn på Døldarheia
- Datum:
- 27.10.2018
Makelaust fin vermelding for helga! Tredje turen for dagen gjekk med tunge bører opp normalvegen frå Blikra. Då hadde me først parkert ein bil i Aurdal, og planen var å overnatta på toppen av Døldarheia og returnera over Sletthaug. Det vart relativt sein start, og me kappgjekk nærast med sola på vegen hennar ned i havet. Ho forsvann vestanfor Utsira før me var framme, men hadde såpass lys at me fann både varden og ein fin teltplass berre 6-7m derifrå. Det var frose i bakken, så me måtte improvisera litt med barduneringa, men det gjekk fint. Kvelden vart lang, men me kosa oss ute med bålbrenning i fint le halvvegs under eit lite overheng. Lys frå bygdene, stjernene og ein stor måne var fint selskap.
Det vart som venta ei kald natt i teltet; vatnet i drikkeflaska var frose i >>>
Hålandshovda frå Hålandsheia
- Datum:
- 27.10.2018
Makelaust fin vermelding for helga! Andre turen for dagen gjekk normalvegen til Hålandshovda, om lag 1 time opp og ned i raskt tempo. Ein sidensvans, tre ungstutar og ein ravneflokk på toppen var fine faunainnslag. Førsteklasses utsikt sjølvsagt, frå denne markerte toppen.
Svartafjell og Vidhovda frå Øklandsvegen
- Datum:
- 27.10.2018
Makelaust fin vermelding for helga! Første turen for dagen gjekk frå ein grei P-plass ved Øklandsvegen til Svartafjell, og så til Vidhovda og sekundærtoppen Hovda. Først relativt tungt gjennom myr og gras til hovudtoppen av Svartafjell, med retur via eit anna toppunkt i vest.
Så frå bilen igjen og runda granskogen på sørsida av vegen og til topps på Vidhovda. Ei bratt urd under Hovda var einaste passasjen som krevde litt ekstra. Straks under toppen av Vidhovda såg eg ei vaksen kongeørn som sirkla over toppen; ho vart ikkje var meg før eg gav meg til kjenne. Ho laga ein særeigen lokkelyd som eg aldri har høyrt før. På toppen var det praktfull utsikt, og i ei livdakrå var det beint fram himmelsk å vera på tur. Men etter litt mat og drikke gjekk returen over Hovda i vest og >>>
Moslivarden, Løknuten og Lammatoknuten frå Preikestolhytta
- Datum:
- 19.10.2018
Fin ettermiddagstur, ca. 3 timar. Opp på Moslivarden normalvegen om Preikestol-stien og Slåtteskardet, så ned mot nordaust og langs Midtslåttsvatnet under Løknuten. Runda knausen nord for Løknuten på austsida og bratt til topps frå nord. (Knausen heiter litle Løknuten på eit gammalt kart). Greit ned i skardet på sørsida av Løknuten og rett opp på Lammatoknuten. Derifrå kort veg rett aust til stien frå Neverdalsskardet og retur på Preikestol-stien. Rufsete terreng utanom stiane, med mosegrodd urd og ein del brattheng.
Svarefjellet, Tindafjellet og Husaheia frå Målandsdalen
- Datum:
- 10.10.2018
Flott ettermiddagstur, og endeleg kom det finver denne våte hausten; ikkje mindre enn 18 grader i Årdal! Bratt opp til Tjødnadalsheia langs traktorvegen øvst i Målandsdalen, som gjekk unna på 45 min. Så travers av Svarefjellet, med vakker utsikt over Krokavatnet og Larsgardtjødna. Til saman 1 time 20 min hit.
Greit rett ned frå sørenden av Svarefjellet, og bratt men greit opp mot Tindafjellet frå vest. Litt opp og ned fram til den staselege varden, 35 min frå toppen av Svarefjellet. Eg måtte få med meg den flotte utsikten mot Nystøldalen aust for platået, og det vart i sanning eit realt magasug! Steike for eit stup, og for ein vakker dal innover mot Krostøl og utover mot Nystøltjødna. Det vart ikkje mindre dramatisk pga. ei veldig ras-sleppe like til høgre for der eg kom >>>
