Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Peakbookfreunde

Gesammelte Listen

Toppane i Vindafjord kommune med pf≥100m

Datum:
31.12.2023

Bestigningane mine av dei 45 toppane i Vindafjord kommune med pf≥100m, kronologisk. Lista vart fullført 28/4-2023 etter bestigning av Teråsen ved Fjellgardsvatnet. 2008 : Lysenuten ved Lysevatnet 2015 : Krakkanuten 2016 : Gråhorga, Bjergafjellet (Fuglen), Storefjellnibba, Døldarheia, Hauganuten, Hovda, Svartenuten, Horganuten og Kjort ved Stokkadalen 2017 : Tordisnuten, Jamnafjellet, Lysenuten ved Sandeid og Kåtanuten 2018 : Litlalandsnuten, Strandfjellet, Hjort/Tjort ved Ølmedal, Akslandsnuten, Svartafjell og Vidhovda 2019 : Bukkenibba ved Frønsdal 2021 : Slettafjellet og Låklinuten 2022 : Vardanuten, Lauvåsfjellet, Vassnuten, Søljåsen, Storøyna, Ulserhaug, Steinslandsnuten, Trollafjellet og Javnanuten 2023 : Alnaåsen, Vardåsen, Krakefjellet, Bukkanibba ved Dueland, Ramnafjellet, Grønlifjellet, Tiuråsen, >>>

Vardhusheia, Bergeheia og Krunefjell på ski frå Målandsdalen

Datum:
30.12.2023

Det vart fullklaff med både vêr og føre på denne sjeldne romjusturen til Målands- og Brogaheia. Sidan siste snarvisitt for nokre veker sidan hadde det kome godt med snø over ei tydeleg grense på 5-600moh, medan det var isete og knapt med snø att lenger nede etter mildver og sterk austavind. Me brukte som vanleg om lag 50 min opp til demninga i Sagåna; føret hit opp var raskt på langfeller på den isete vegen. Alt ved demninga forstod me at det ville bli førsteklasses forhold vidare, for her møtte me nysnø som oppe på sjølve heia låg som fleire cm kvitt gull over det heile. Skikkeleg opptur, altså! Hovudmålet med turen var Vardhusheia som meir og meir har blitt favorittoppen min her inne, og dette ville vera tiande gang og jubileum for meg. I tillegg til å vera ein framifrå skitopp, er Vardhusheia >>>

Karte    

Boknafjellet fra P-plass

Datum:
26.12.2023

Rask tur på glatta.

Karte    

Tunglandsfjellet frå Kraftstasjonen

Datum:
22.12.2023

Rask tur beint opp og ned, ein times tid på tur.

Karte    

Syreneset fort fra Skådel

Datum:
11.12.2023

Rask tur etter jobb.

Karte    

Boknafjellet fra P-plass

Datum:
07.12.2023

Kjapp tur i fine snøforhold.

Karte    

Førlandsåsen frå Dalavegen

Datum:
06.12.2023

Flott snøvassetur i sol og stilt førjulsver. På veg opp såg eg ei flott vaksen kongeørn i svev over turmålet. Ein kjeftande ravn vart liten til samanlikning. Spor etter beitande rype (eller kanskje orrfugl) oppunder toppen.

Karte    

Målandsheia på ski frå Målandsdalen

Datum:
05.12.2023

Flott tur frå Rv. 13 ved Boremyr, uvanleg mykje snø til å vera tidleg i julemånaden. Tung vassing på langfeller ein time opp til demninga i Sagåna. Minst 15 cm snø på traktorvegen, likevel såpass avblåst oppe på heia at skia skrapa nedi steinar både her og der. Det vart ikkje tid til å gå på Salane eller Bergeheia, men var oppom Målandsvatnet og Salaskardet, om lag 2 ½ timar på tur.

Falnes/Trivarlia fort heimefra

Datum:
27.11.2023
Karte    

Falnes/Trivarlia fort heimefra

Datum:
17.11.2023

Finverstur til fortet etter jobb, såg tre rovfuglar i flukt uten å artsbestemma dei.

Karte