Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
Favoritturer
- Frå Liarvatnet til Hengjane om Longavatnet og
- Lodalskåpa fra Bødalssætra
- Austanbotntindtraversen fra Berdalsbandet
- Jiehkkevárri fra Indre Holmbukta, høyest i Troms
- Travers av Skardstind (vest til øst)
- Hinnåtefjellet, Semeltind, Hellstugutindar fra V.
- Folgefonna, Etne og Kvinnherad
- Knutsholstindtraversen fra Torfinnsdalen
- Nordre Maradalstind og Styggedalsryggen
- Store- og Midtre Ringstind fra Ringsdalen
Favorittopper
Aurfjellet og Geithaug fra Burmavegen
- Dato:
- 17.01.2025
55 min på gråverstur, start fra Stiglene. Såg ei overvintrande heipiplerke og ei havørn.
Vardhusheia og Krunefjell m.fl. på ski frå Målandsdalen
- Dato:
- 11.01.2025
Nytt år, kuldegrader og det eg trudde var gode snøforhold i Jørpelandsheia fekk meg til å ta turen til Boremyr i Målandsdalen endå ein gang for å koma opp i favorittheia mi. Så viste det seg at det var mykje mindre snø her i indre strok enn på Karmøy der eg bur, men heldigvis nok til at det trass alt var skiføre det meste av tida. Nå hadde det rett nok kome ein del snø i det siste, men kraftig vind frå sør og aust hadde dessverre sopa mykje ned i lesidene i nord og vest.
Eg starta i alle fall med godt mot frå Rv. 13 i ti kuldegrader og var oppe ved Målandsvatnet etter bare timen. Då var det skiføre i alle fall frå bommen på traktorvegen, men oppe på heia var det tynt snødekke med svært mykje lyng som stakk opp. Lyng var ikkje noko problem med mine gamle fjellski, men >>>