Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Vardhusheia og Krunefjell m.fl. på ski frå Målandsdalen

Date:
11.01.2025

Nytt år, kuldegrader og det eg trudde var gode snøforhold i Jørpelandsheia fekk meg til å ta turen til Boremyr i Målandsdalen endå ein gang for å koma opp i favorittheia mi. Så viste det seg at det var mykje mindre snø her i indre strok enn på Karmøy der eg bur, men heldigvis nok til at det trass alt var skiføre det meste av tida. Nå hadde det rett nok kome ein del snø i det siste, men kraftig vind frå sør og aust hadde dessverre sopa mykje ned i lesidene i nord og vest. Eg starta i alle fall med godt mot frå Rv. 13 i ti kuldegrader og var oppe ved Målandsvatnet etter bare timen. Då var det skiføre i alle fall frå bommen på traktorvegen, men oppe på heia var det tynt snødekke med svært mykje lyng som stakk opp. Lyng var ikkje noko problem med mine gamle fjellski, men >>>

Map