Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

"Peakbookvenner"

Lister jeg samler etter

Førlandsåsen frå Dalavegen

Dato:
15.11.2019
Kart    

Revafjellet frå Liarvatnet

Dato:
09.11.2019

Fin tur over begge toppane på Revafjellet. Det var strålande vermelding, men ganske overskya i Jørpelandsheia. Gjekk opp Lågalia på venstre side av elva som fossa lystig frå det nesten fulle Svortingsvatnet. Trass fleire minusgrader såpass tidleg på sesongen var det ikkje is på dei store vatna, men derimot på småtjødnane. Det var eit tynt snølag i høgda og tidvis glatt, men fint å vera på tur. Var oppom begge toppane før turen vart lagt om Nagaheia og bratt ned i Småsildalen på sørsida, der Småsilhodnet spegla seg malerisk i Botnatjødna. 1 time til topps på vesttoppen, 25 min. vidare til hovudtoppen, til saman 2 ¾ timar på tur.

Kart    

Toppraid i søre Strand #1

Dato:
03.11.2019

To høvelege toppar på pf≥100m lista for Strand ein novemberkveld. Først Ådnanesnuten frå Svinesvika, snaue timen opp og ned på veldig god skogsti. Merkverdig at eg ikkje har vore på denne fine utsiktstoppen før, men me har nok prioritert den klart høgare Hesten i alle år. Det var akkurat nok lys att til å få med seg Storvarden på Idse etterpå. Dette var grei skuring frå P-plassen ved hyttefeltet sør for toppen. Herifrå gjekk eg gjennom ein hyttehage og busha til topps. Ingen høydare med moderne infrastruktur og skog, men fin utsikt mot Høgsfjorden på veg opp.

Kart    

Rindafjellet og Hognåsen på Bokn

Dato:
28.10.2019

Finværstur på Bokn etter jobb. Parkerte ved hovedvegen nedenfor Dagsland og gikk gårsvegen opp til øverste tunet og fulgte traktorveg mot Rindafjellet fra nordsiden. Dette var ikke optimalt, for her må et høyt og krevende beitegjerde forseres. Flott utsikt på toppen før retur ned dalsøkket mot øst; kom da ned på gårdsvegen like ovenfor det nederste huset. Anbefaler oppgang herifra, for da unngås det nevnte gjerdet. Kjørte til Hognaland og fulgte grei sti til topps på Hognåsen med flott utsikt over sørspissen av Bokn med Loden i solnedgangen. Om det er en gravrøys som ligger på toppen, så er det ikke mye å undres over at de har valgt et så fint sted å ære en av sine avdøde. Tid for ettertanke i et tusenårsperspektiv! Avsluttet turen med et kort besøk på tyskerfortet >>>

Kart    

Ryvarden fra Mølstrevåg

Dato:
27.10.2019

Søndagstur med Olaug.

Kart    

Liarvatnet rundt #2, om Ternefjell, Solknuten og Liarknuten

Dato:
20.10.2019

Flott hausttur i finver rundt Liarvatnet med omvegar - motsett veg og med andre toppar enn forrige tur . Følgte stien opp i Terneskardet og vidare merka bratt, men greit til topps på Ternefjell. Praktfull utsikt over Longabergdalen og Liarvatnet herifrå. Vidare stilaust over Terneheia og greit nedover mot høgda på 567moh før eg skrådde ned mot Tysdalsheia. I skogen her skremde eg opp ein flott tiur som brasa opp frå lyngen. Hadde sett meg ut Solknuten sidan det var heile 28 år sidan sist, og busha bratt opp i skardet mellom toppane på nordsida. Flott og kjennesleg utsikt mot Liarvatnet, Forenesvatnet, Holmavatnet og Tysdalsheia. Retur same veg, og fordi eg ikkje visste om eg kom over elva ved Forenesvatnet, gjekk eg vestanfor Solknuten og heilt ned til hengebrua ovanom Grimsli. Sidan det var lenge >>>

Kart    

Toppraid i nordre Strand #1

Dato:
09.10.2019

Gråver ein dag med haustferie og ikkje aktuelt med tur i høgda, åpna for eit raid på pf≥100m lista for Strand. I Holtaheia har eg bare vore to-tre ganger før, så det passa fint med eit par lett tilgjengelege toppar der. Kjørte til parkeringa på bratt, svingete og nokså dårleg grusveg før eg sykla eit par km inn til der sti tar av ved Blokkelitjødnane mot Holtastølen og vidare mot Ulvaskardet. Herifrå tok eg rett opp mot Grimsåsen i bratt lende og så enkelt nordover til topps. Neppe beste vegvalget, men i alle fall effektivt. Nokonlunde bra sikt på toppen og retur same veg. Tilbake ved sykkelen tok eg rett sørover forbi ei einsleg hytte og enkelt til topps på 558-toppen med det nokså preglause navnet "Holtaheia". Tidvis striregn opp hit, men grei sikt mot Tysdalsvatnet >>>

Kart    

Helgaknuten frå Rv13 ved Åsen

Dato:
09.10.2019

Grå- og regnverstur frå Rv13 ved Åsen på godt merka sti. Bratt opp frå aust til hovedvarden som er plassert synleg frå Årdal, men langt frå sjølve toppunktet. Gjekk vestover dit og fekk sikt mot Nessa og Fiskå før retur same veg. Så vått som det var, gav eg opp å ta med meg Steinsvikfjellet denne gangen.

Kart