Arkiv - datum

Arkiv - aktivitet

Peakbook-vänner

Listor jag samlar på

Retur frå Forenesvatnet til Liarvatnet om Liarknuten

Datum:
02.11.2026

Rotur-retur frå hytta ved Forenesvatnet ved soloppgang; frostrim på båten, morgonskodde og damstilt på vatnet. Så 2 timar 20 min heim om Gudbrandsdalen og Småsildalen med ein avstikkar opp i sola på Liarknuten. Skremde opp to orrfuglar og ei rugde.

Karta    

Forenesvatnet frå Liarvatnet

Datum:
01.11.2026

Ei overnatting i paradiset før jobboppdrag i byn. Hadde eigentleg tenkt å gå opp via Småsildalen og Gudbrandsdalen, men skodda var så tett at det vart direkteruta langs Liarvatnet i staden. 55 min til Grimsli og 1 time 35 min til hytta inkludert litt ausing av robåten. Tok ein rask tur opp snarvegen til Brogaheia før solnedgangen kl. 1645. Skremde opp to rugder.

Retur frå Forenesvatnet til Målandsdalen

Datum:
24.10.2026

Flott retur frå hytta ved Forenesvatnet før uvêret skulle setta inn for alvor. Sidan vinden kom frå søraust, var det tidvis live over Målandsheia, medan det helst gjekk kvitt på Målandsvatnet.

Forenesvatnet frå Målandsdalen

Datum:
23.10.2026

Endå ein beretur til hytta frå Målandsdalen, same opplegg som sist , men lettare bør. Flott vêr over Målandsheia, snaut 2 timar transport pluss 20 min trakking av løype. Ein ravn såg ut til å leika seg oppe i solveggen på Prammafjellet. Fin og stille kveld ved Forenesvatnet, og etter kvart kom det opp ein nesten-fullmåne som gjorde at oktobernatta aldri vart heilt mørk.

Runde frå Tømmervik

Datum:
18.10.2026

2 timars runde i fantastisk haustver, om lag same opplegg som turen frå Tømmervik våren 2024 . Såg ei havørn i flukt, 10-12 dykkender i Stiglene og ei hjortekolle.

Karta    

Falnes/Trivarlia fort heimefra

Datum:
17.10.2026
Karta    

Retur frå Forenesvatnet til Målandsdalen

Datum:
16.10.2026

Etter to overnattinger på hytta ved Forenesvatnet , vart det retur til bilen ved Rv. 13 i Målandsdalen. 1 time 40 min lar seg høyra, sjølvsagt med lett bør samanlikna med oppturen.

Forenesvatnet frå Målandsdalen

Datum:
14.10.2026

Tung, men rask transport til hytta med nytt veggkart, første fottur frå Målandsdalen sidan nyttår . Brukte snaut 2 timar med den tunge børa som skuldast at kartet var stabilisert med to kraftige finérplater.

Longavatnet frå Forenesvatnet om Ospeskardet

Datum:
10.10.2026

Godvêrsrunde med Olaug, 2 timar pluss roturen fram og tilbake. Friskt oktoberbad i vatnet etterpå av den tøffaste av oss, og då seilte det to (konge)ørner over Krunefjell. Søndag morgon var det frost og same finvêret i paradiset. Me tok det bare med ro før retur til sivilisasjonen etter fem flotte haustferiedagar. Ein fossekall liva opp i båtstøa då me skulle ro utover.

Bergeheia og Ullskrofjellet frå Forenesvatnet

Datum:
09.10.2026

Flott runde før regnvêret, for å møta kameraten som kom over Målandsheia på hyttebesøk. Såg ein ravn nedanfor Bergeheia. Bratt retur om Ullskrofjellet ned til hytta.

Karta