Frå Forenesvatnet til Liarvatnet om Holma- og Øyavatnet (01.02.2026)


Map
Visits of other PBEs Nagastølen (480m) 01.02.2026

Søndagen ved Forenesvatnet pakka me oss ut av hytta for retur kl. 1020. Den opphavlege planen om å gå over Målandsheia til Rv. 13 ved Boremyr vart skrinlagt, for me hadde bestemt oss for å nytta dei fine isforholda til ein meir uvanleg tur. Planen var nemleg å gå tilbake til utgangspunktet i Dalen via Holmavatnet, Øyavatnet, Nagatjødnane og Svortingsvatnet/Lågalia. Som tenkt, så gjort!

Me kryssa Forenesvatnet og gjekk eit stykke nedover mot Grimsli før me følgte eit naturleg drag opp til stien langs Tverråna. Her var me oppom eit høgdepunkt før me tok oss vidare opp til Holmavatnet. Her etter ein times tid på tur, bles det ein kraftig austavind beint imot, akkurat som meldt. Her måtte óg kameraten gjera vendereis til hytta etter ein gjengløymt mobiltelefon, så me var to som rusla vidare opp til Øyavatnet langs bekkefaret. Avtalen var å ta pause ved store Nagatjødna og møta tredjemann att der. Men først fekk me ein fin tur over sjeldan besøkte Øyavatnet, bortom karakteristiske Liastølen i sørenden av vatnet og vidare opp langs bekken mot Nagatjødnane.

Ved Forenesvatnet mot Solknuten og Tysdalsheia
Ved Forenesvatnet mot Solknuten og Tysdalsheia
Solknuten sett frå eit høgdepunkt aust for Tverråna
Solknuten sett frå eit høgdepunkt aust for Tverråna
Frå same staden mot Krunefjell
Frå same staden mot Krunefjell
På veg mot Holmavatnet langs Tverråna
På veg mot Holmavatnet langs Tverråna
På Holmavatnet med kraftig austavind beint imot. Heiahodnet er den dominerande toppen bakerst
På Holmavatnet med kraftig austavind beint imot. Heiahodnet er den dominerande toppen bakerst
Mot austenden av Holmavatnet under ruvande Liaknuten
Mot austenden av Holmavatnet under ruvande Liaknuten
Fornøgd på Holmavatnet, her med Ospeskardet som bakgrunn
Fornøgd på Holmavatnet, her med Ospeskardet som bakgrunn
Oppover langs bekken mot Øyavatnet
Oppover langs bekken mot Øyavatnet
I kraftig blest òg på Øyavatnet
I kraftig blest òg på Øyavatnet
Solgløtt ved Øyavatnet. Me ser tilbake mot utløpsosen og sekundærtoppen nord for vatnet
Solgløtt ved Øyavatnet. Me ser tilbake mot utløpsosen og sekundærtoppen nord for vatnet
Iskunst i bekken frå store Nagatjødna
Iskunst i bekken frå store Nagatjødna
Ved utløpsosen i store Nagatjødna
Ved utløpsosen i store Nagatjødna

Her ved store Nagatjødna fann me nokonlunde le for vinden og tok ein hustrig matpause, før me vart såpass kalde at me gav opp å venta på kameraten. Vestover tjødna var det slik medvind at me beint fram måtte kjempa med både ispiggane og skistavane for å gå oppreiste. Etter kvart tok heldigvis tredjemann oss att, så me slapp å frysa lenger. Vel over litle Nagatjødna og Nagaheia kom me i fint le nedover mot Nagastølen, men her kunne me óg konstatera det høgst sannsynlege, nemleg at Svortingsvatnet hadde store åpne råkar.

Kvil i ei relativ livdakrå ved store Nadatjødna
Kvil i ei relativ livdakrå ved store Nadatjødna
Tilbakeblikk mot store Nagatjødna
Tilbakeblikk mot store Nagatjødna
På litle Nagatjødna under Naganibba
På litle Nagatjødna under Naganibba
På Nagaheia
På Nagaheia
Ved Nagastølen
Ved Nagastølen

Siste etappen gjekk derfor på den gode og velkjente stien langs Svortingsvatnet til stemmen og ned Lågalia. Her klokka me inn etter 11 km og drygt 5 timar på endå ein minneverdig istur gjennom Jørpelandsheia.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.