Frå Forenesvatnet til Målandsdalen om Husaheia (30.11.2025)
| Bestigninger | Husaheia (745moh) | 30.11.2025 |
|---|---|---|
| Andre besøkte PBE'er | Minnesmerke Austre Målandsstøl (650moh) | 30.11.2025 |
Søndag morgon ved Forenesvatnet tok me det med ro og starta dagen med ein liten rekognoseringstur rundt hytta. Det var gråare i vêret, men opphald etter nedbør om natta. To-tre toppender var å sjå ute på vatnet og dessutan ein del granmeiser i skogen. Det var heilt ferske spor i myra etter det som måtte vera skogens konge, og dessutan såg me ein heil del skit.
Etter å ha rydda oss ut av hytta i 12-tida, la me vegen oppover mot Longavatnet igjen, men svingte av frå stien ved den øverste hytta med kurs for Brogaheia. På ny såg me ei kongeørn i luftig svev, og seinare jamvel ei på ganske nært hald oppe ved Brogavatnet.
Etter å ha vore bortom minnesmerket etter det allierte flysleppet på Brogaheia tok me oss opp til Husaheia via utløpet av Brogavatnet. Her vart me eksponerte for ein kald austleg vind, så då me ville ha oss ein mat- og kaffipause måtte me søka oss litt ned og bak ein god levegg. Men det var helst hustre i nysnøen og lite anna enn kaffien som varma. Så me fann etter kvart ned mot Austre Målandsstøl og minnesmerket der, før me tok anleggsvegen ned til den ventande bilen ved Boremyr. Her var me nede kl. 1530 etter 3 ¾ timar på tur, og då var det både lett nedbør og snart kveld.










Kommentarer