Frå Tysdal til Forenesvatnet om Solknuten (29.11.2025)


Karte
Besteigungen Fonna (599m) 29.11.2025
Solknuten (522m) 29.11.2025
Besuche anderer PBE Langavatnet demning (450m) 29.11.2025

Flott overnattingstur i Jørpelandsheia i mellomsesong, med standsmessig overnatting i Jarle si hytte ved Forenesvatnet. Mellom anna fordi båten var snudd for vinteren la me start- og sluttpunktet til Tysdal og Boremyr i Målandsdalen. Dei 550 hm opp til Fonna frå Tysdal gjekk radig på om lag ein time, og i 12-tida var me oppe på denne vesle, men fine utsiktstoppen. Her kunne me observera to kongeørner i luftig svev over Krunefjell, men me møtte óg ein hjortejeger som var minst like overraska som oss over å treffa folk.

På Fonna med utsikt mot Tysdalsheia. Den dominerande toppen er Heiahodnet
På Fonna med utsikt mot Tysdalsheia. Den dominerande toppen er Heiahodnet

Me skulle bare ned til Forenesvatnet, men tok ein sving oppom Solknuten som óg er ein framifrå utsiktstopp. Nede på Tysdalsheia såg me óg kameraten til hjortejegeren, og dei hadde nok likt betre å rå over jakt-terrenget aleine – såpass forstod me!

Frå Tysdalsheia mot Forenesvatnet
Frå Tysdalsheia mot Forenesvatnet
Kikkertstudier frå Solknuten. Me ser mot Forenesvatnet, Longavassåna og Vardhusheia
Kikkertstudier frå Solknuten. Me ser mot Forenesvatnet, Longavassåna og Vardhusheia
Fornøgd på Solknuten, her mot Forenesvatnet
Fornøgd på Solknuten, her mot Forenesvatnet
Utsikt ut Liarvatnet
Utsikt ut Liarvatnet
Utsikt mot Tysdalsheia og Reinaknuten
Utsikt mot Tysdalsheia og Reinaknuten

I 1330-tida tok me ein god mat- og kaffipause på ei diger steinhelle ved Forenesvatnet, ein av dei få tørre plassane etter alt regnet dei siste dagane. Kryssing av dei flate myrene gav forresten retteleg god trening slik forholda var. Så etter ¾ time kvalitetstid i det fine og stille vêret fann me vegen bort til hytta og fekk fyr i omnen. Då hadde me vore 3 ¾ timar på tur.

Mat- og kaffipause ved Forenesvatnet
Mat- og kaffipause ved Forenesvatnet
Gammal trepram ved Forenesvatnet
Gammal trepram ved Forenesvatnet

Det var endå ein time med dagslys igjen, og den nytta me til å søka oss opp langs den gamle, men lite brukte stien til Longavatnet, på nordsida av åna. Me fann han ganske greit og skal nok få gått han opp dersom det vert fleire besøk på hytta. Longavassåna var eit flott syn i seg sjølv, så flaumstor som ho gjekk, og oppe ved stemmen var det som venta smekkfullt.

Opp langs Longavassåna, mens kveldssola gyller Vardhusheia
Opp langs Longavassåna, mens kveldssola gyller Vardhusheia
Smekkfullt i Longavatnet
Smekkfullt i Longavatnet

Tilbake ved hytta i 16-tida klårna det heilt opp, og utsikten mot vesthimmelen med silhuettane av Tibergfjell, Ternefjell og Reinaknuten var eineståande. Utover kvelden kom halvmånen opp og ein del stjerner blinka mellom skysløret som etter kvart trekte inn.

Kveldsidyll i paradiset!
Kveldsidyll i paradiset!

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.