Frå Glitterheim til telt på Skautflya via Storeglupen (11.08.1992)


Sommartur i Jotunheimen 1992, dag 3

Første dag med dårleg ver på 7-dagars runden vår gjekk me stilaust gjennom Storeglupen til Skautflya. Det var heilt kurant å gå på høgre side av det nedre Steinbuvatnet og på venstre side av det øvre, men det var såpass vassføring i elva at me måtte jobba litt for å koma tørrskodde over.

God stemning ved avgang frå Glitterheim
God stemning ved avgang frå Glitterheim
Stilaust gjennom Steinbudalen, der me skal opp Storeglupen til venstre
Stilaust gjennom Steinbudalen, der me skal opp Storeglupen til venstre
Kryssing av elva mellom dei to Steinbuvatna
Kryssing av elva mellom dei to Steinbuvatna

Det var mykje ur å forsera og øvst i glupen ein del snørestar, men me kom oss greit opp på bandet som ligg på snaut 1900moh. Vel nede på Skautflya fann me oss ein strategisk teltplass, for det var nemleg lova lette i veret. Då ville me sjølvsagt ikkje la Glittertind stå uprøvd om det endåtil skulle bli toppver dagen etter. Og ganske rett – i løpet av kvelden kikka sjølvaste Galdhøpiggen fram i kveldssola – så kanskje det låg an til griseflaks for oss neste dag?

Grått og vått opp gjennom Storeglupen
Grått og vått opp gjennom Storeglupen
Hustren pause øvst i Storeglupen
Hustren pause øvst i Storeglupen
Me er ute av Storeglupen og får utsikt over Skautflya med Leirtjørna
Me er ute av Storeglupen og får utsikt over Skautflya med Leirtjørna
Strategisk teltplass på Skautflya og lovande kveldslette
Strategisk teltplass på Skautflya og lovande kveldslette

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.