Frå Torfinnsbu til Olavsbu gjennom Oksedalen/Rauddalen (25.08.1992)
Andre besøkte PBE'er | Olavsbu (1440moh) | 25.08.1992 |
---|
Seinsommartur i Jotunheimen 1992, dag 4
Etter tre dagar i grått, vått og kvitt, opprann endeleg ein blank dag på Torfinnsbu. Snøen over ca. 1400moh som hadde vore ei plage dagen før, låg no som eit vakkert melisdryss over alle toppane. Me tykte helst at me fortente dette, og var grytidleg oppe for å få med oss mest mogleg av eventyret. Vegen måtte uansett gå vestover, og med telt på sekken stod me fritt til å velja overnatting.
Me følgte T-stien i retning Eidsbugarden og fekk ein spanande tur i heilt nytt landskap. Ruta bringer vandraren like inntil noko av det flottaste tindelandskapet mellom Bygdin og Gjende; det er nok å nevna Torfinnstindane, Kvitskard- og Mesmogtinden og ikkje minst Slettmarkpiggen og -høa. Den mest krevjande passasjen var sjølvsagt Oksedalsbandet og ikkje minst Oksedalen der det beint fram rådde full vinter. Ikkje så rart når bandet når opp mot nesten 1700moh!

Vel ute av Oksedalen var avgjerda alt tatt om å fortsetta til Olavsbu – av alle stader. Det kom helst av at dagen ennå var ung og at me hadde mest lyst til å ligga inne endå ei natt. Vegen vart difor lagt stilaust eit kort stykke vest for Geithøa og så inn på den velbrukte stien til Olavsbu. Etter å ha vore under snøgrensa i eit par km, kom me no opp i snøen att. Og dette vart ikkje mindre enn tredje overnattinga mi på Olavsbu denne sommaren.
Benutzerkommentare