Nepane, Flokatveitnuten m.fl. frå Løkjelsvatnhytta (25.05.2024)
Bestigninger | Austmannanuten (906moh) | 25.05.2024 |
---|---|---|
Flokatveitnuten (901moh) | 25.05.2024 | |
Andre besøkte PBE'er | Hårlandsnepane (650moh) | 25.05.2024 |
Løkjelsvatnhytta (630moh) | 25.05.2024 |
Me fekk eit flott helgeopphold på hytta etter å ha kome opp i tett skodde fredag kveld. På lørdagen vakna me til eineståande sommarver og var ute ved Nepane to ganger før eg tok ein ettermiddagstur til Flokatveitnuten og Austmannanuten aleine. Kjekt gjensyn med sistnevnte etter januarturen vår i 2017!
Denne gangen var det utruleg fint ver og lettgått terreng å rusla i, høveleg lite snø og ditto vegetasjon. Nokre ryper, ein del heiloar, heipiplerker og ringtrostar holdt meg ved lag. Det vart om lag 9 km, 450 hm og 2 timar 40 min på tur og tilbake til ventande utemiddag i hytteveggen. Retur i finver etter frukost og utvask søndag føremiddag.

Benutzerkommentare