Sandvatnet frå Sunnmorkhølen (17.03.2024)
Søndagen vakna me til is-snerpe på vatnet i Sunnmorkhølen og ein kald austleg vind, medan eit fossekall par eksponerte seg villig i elva. Dette var dagen for retur til utgangspunktet ved Sandvatnet, og etter ein roleg frukost og utvask var me klare for avgang i 0930-tida. Returen gjekk på beina til oppgangen mot Maradalen, og her skilde me lag fordi kameraten ville få med seg 875-toppen vest for Vongsatjødnane.
Me andre to gjekk på beina på den faste snøen gjennom bjørkeskogen, og var oppe i fint skiterreng etter litt over timen på tur. Her bytta me sjølvsagt til ski og fekk eit fint nedrenn gjennom den slake Maradalen, der me skremde opp ein liten flokk kvitkledde ryper. Den siste halvtimen over Sandvatnet, som nå heldigvis var snødekt, var det bare å stålsetta seg for kuling og snøføyke frå sida.

Me var framme ved Songesandvegen etter om lag 8 km, 250 hm og 2 timar 20 min på tur. Skal ein gå denne turen særleg mykje raskare, bør det vera skiføre heilt frå hytta.
Kommentarer