55 min til topps på Homsknuten og 2 timar 10 min på tur i fint vêr. Såg ei ørlita firfisle oppunder den eine sekundærtoppen og ei vaksen kongeørn over Storåfoss.
I oppstigninga mot Homsknuten med flott utsikt mot Store Homstjødna og Svortingsvatnet
Ved utsiktsvarden på Homsknuten med førsteklasses utsikt mot Dalavegen og Jørpeland
På veg mot 578-toppen i nordaust. Akkurat her var det nyttig med frost og snø for å passera skrenten!
Frå oppunder 578-toppen med panorama over Tinturvatnet. Dei dominerande toppane er Kjeatofjellet, Tårnfjellet og Moslivarden bakerst
Frå om lag same staden på stupkanten mot Store Homstjødna. Guromyrfjellet og Tibergfjellet dannar bakgrunnen
Toppvarden på 570-toppen med utsikt mot Tømmervatnet og Øykjafjellet. Denne toppen er kalla «Noreknuden» på eit snaut 100 år gammalt kart
Kommentarer