Reinaknuten og Ternefjell på ski frå Tysdal (06.01.2024)
Bestigninger | Vestre Reinaknuten (787moh) | 06.01.2024 |
---|---|---|
Ternefjellet (772moh) | 06.01.2024 |
Etter den flotte pudderturen til Målandsheia i nyttårshelga var håpet at uvêret første veka i det nye året ikkje hadde gjort reint bord. Men sjølv om pudder dessverre var langt frå tilfellet og underlaget heller hardt og avblåst, fekk me ein svært fin tur til Reinaknuten og Ternefjell via Tysdalsheia. Med start i Tysdal på bare 50moh var dette ein vaksen måte å koma seg til topps på, samanlikna med normalvegen frå Bjørheimsheia med start på 350moh. Ellers var det gildt å vera samla fire av fem fjellkarar for første gang sidan 50-årsturen til Nord-Norge i juli 2020.
Me parkerte altså i Tysdal og fekk ein effektiv tur på ein time opp traktorvegen til hytta ved Vardane. Det var skiføre 2/3 av stigninga, men like godt å gå på beina. Med 10 minusgrader ved turstart gjorde det godt å koma bort i Vardaskardet og den varmande sola. Her prøvde me å holda høgda godt ovanom 500m-koten på Tysdalsheia, bort mot den bratte oppstigninga til Reinaknuttjødnane. Denne kleiva er kalla Rokleiv på eit snaut 100 år gammalt kart, men navnet er dessverre borte frå dagens kart. Her kom me sjølvsagt inn i skyggen att, og det var ikkje fritt for at vinteren hadde festa grepet oppe ved Reinaknuttjødnane i skardet mellom toppane.
Etter ein sving bortom mektige Reinaknutgjuvet på ca. 700moh var det å finna krabbegiret dei siste 100hm heilt til topps. Her toppa me ut heilt aleine til herleg mat- og kaffipause ved den flotte varden, 2 ½ timar etter start frå Tysdal. Kjekt på alle måtar, ikkje minst i godt lag og første gang på ski! I så perfekt vintervêr som kan tenkast brukte me kvalitetstida til orientering i Ryfylke-geografien og godt drøs. Men etter ein snau time var sola alt på nedtur og me kjente at me trass alt begynte å stivna litt i minusgradene.
Turen over til Ternefjell gjekk på om lag ¾ time, og den bratte oppstigninga frå tjødnane gjekk på beina for dei fleste. Her over 600moh var det knapt gjennomslag nokon plass og stort sett godt feste for skiskoa. Nytt flott rundskue frå varden, spesielt ut Longabergdalen etter mi meining.
Returen la me sør for toppen av Terneheia og vidare ned- og austover mot høgda på 567moh, før me skrådde ned mot Tysdalsheia. Men før me kom så langt, hadde me ein ny god pause ved 600m-koten for å få med oss dei siste solstrålene.

Vel nede på Tysdalsheia etter litt kriging nedover i bjørkeskogen holdt me ovanom den øvste tjødna, kalla Svartatjødna på det tidlegare nevnte kartet. Så fann me beinaste vegen opp i Vardaskardet, og dermed var ringen slutta. Ned den bratte traktorvegen tok dei fleste skia på sekken att, medan den tøffaste rann ned så langt det var nokonlunde skiføre.
Dette vart ein svært flott og annleis tur til desse velkjende toppane, om lag 13 km, drygt 1000 hm og 6 ½ timar på tur. Av dyreliv såg me to orrfuglar og to-tre kvitkledde ryper, dessutan nokre granmeiser både nede i Tysdal og oppe i bjørkeskogen. Ellers var det spor etter både hare og rev, og dessutan hjort. Store ferske spor i snøen i bjørkeskogen nedanfor Terneheia vitna om ein beitande elg. Her var det óg tydelege spor etter uvêret den siste veka, med store mengder avrivne kvistar og smågreiner.
Kommentarer