Fuglanuten frå Grava/Hamratjødna (21.10.2023)
Bestigninger | Fuglanuten (507moh) | 21.10.2023 |
---|
Dagens første tur gjekk til Fuglanuten, eit mål me valde fordi me ville ha godt le for den svært kraftige austavinden, i alle fall nede i skogen. Bonden me traff ved turstart gav oss óg eit godt tips om å følga traktorvegen og sti opp heile Hamradalen før me svingte austover og til topps. Dette for å unngå sjølve fjellryggen som er heller ulendt.
Og denne planen følgte me, med retur same veg. Inkludert ein god mat- og kaffipause vart det ein overraskande flott tur i dette ulendte terrenget, til saman 450 hm og 2 ½ timar i makeleg tempo. Ei eller fleire grå- eller grønspetter kvinka i Hamradalen, ellers lite liv å sjå.

Kommentarer