Frå Leiken i Lyngsheia til Preikestolhytta via Bakken (03.09.2023)


Karte
Besteigungen Hengjandenibba (406m) 03.09.2023
Besuche anderer PBE Bakken Gard (175m) 03.09.2023
Hengjande (378m) 03.09.2023

Dag 1

Denne flotte langturen gjennom området lansert som Preikestolen nasjonalpark vart første forsøk sidan me nærast regna vekk sommaren 1998 og måtte bryta av i Bratteli. Då gjekk me motsatt veg og med telt, denne gangen hadde me bestilt overnatting på Bakken gard. Eigentleg skulle me gått turen på same tida i fjor, men fekk beskjed av Stavanger Turistforening om at hytta var fullbooka kvar helg. Derfor fekk me aller nådigast bestilla plass til seks personar eit år fram, same helga som det var vinkurs på Bakken, skulle det visa seg.

Me var fem som starta frå Songesandvegen ved Leiken i 10-tida denne flotte lørdagen. Eg hadde bare vore innover til Lomstjødna før og hadde gleda meg storleg til å gå til Sunnmork gjennom Nystøldalen. Dessutan hadde eg sjølvaste Skurvedalen til gode, så her var det to nye godbitar å sjå fram til.

Nystøldalen var akkurat så fin som eg hadde tenkt, og geografien var velkjend etter mange turar til alle dei tilgrensande toppane. Stien var både raudmerka og tydeleg, og han bukta seg veldig fint forbi myrer og gjennom urd av ulikt kaliber. Og etter kvart som me passerte Krostøl kom me opp i klart tørrare lende med fine teltplassar ved Båtskleiv og Hjelmen – toppen som heilt dominerer inntrykket når ein kjem inn i Nystøldalen frå nord.

Flott morgon ved Nystøltjødna
Flott morgon ved Nystøltjødna
Gjennom Nystøldalen mot høgreiste Hjelmen
Gjennom Nystøldalen mot høgreiste Hjelmen
Frå same staden mot den veldige ras-sleppa på Tindafjellet
Frå same staden mot den veldige ras-sleppa på Tindafjellet
I fint driv innover lettgåtte Nystøldalen
I fint driv innover lettgåtte Nystøldalen
Mot meir myrlendte Krostøl
Mot meir myrlendte Krostøl
I Båtskleiv ved Hjelmen
I Båtskleiv ved Hjelmen

Vel forbi Hjelmen etter snaut 2 timar på tur var det på tide med ein god matpause. Her hadde me utsikt mot Svartatjødna og -knuten ovanfor, og dermed var eg i kjent lende etter den flotte skituren frå Sandvatnet til Målandsdalen i fjor vår.

Terrenget hadde vore svært lettgått, og det same kan seiast om den slake nedgangen til Sunnmork. På den gamle fjellgarden var det tid for sauesanking, og det var både folk og fe heime. Me hadde telt på knappane om me skulle gå vest eller aust for vatnet, men valde det sikraste, nemleg å gå den nymerka stien på autsida via den nyoppussa utleigehytta i Sunnmorkhølen. Den stien gjekk jo eg ved midtsommar, og kor farbart det var på vestsida var det ingen av oss som visste.

Vel forbi Hjelmen og tid for matpause snaut 2 timar etter turstart
Vel forbi Hjelmen og tid for matpause snaut 2 timar etter turstart
Frå same staden mot Svartatjødna og -knuten ovanfor
Frå same staden mot Svartatjødna og -knuten ovanfor
Framme i Sunnmork med Hardhausen midt imot
Framme i Sunnmork med Hardhausen midt imot
Sauesanking i Sunnmork denne helga
Sauesanking i Sunnmork denne helga
Den gamle fjellgarden ligg vakkert til 475moh
Den gamle fjellgarden ligg vakkert til 475moh

Framme ved hytta i Sunnmorkhølen etter om lag 3 ½ timar på tur tok me ein ny matbit og slo av ein prat med dei som hadde vore heldige og bestilt henne denne finvershelga. Vegen vidare vart lagt om maleriske Songesandstølen før me tok fatt på siste etappen ned Skurvedalen. Men først måtte me koma oss over på nordsida av Skurvåna. Me skulle nok ha vassa over ved stølen der ho er både brei og grunn, men vart freista av eit par gamle stålfundament som var lagde over elva der ho skjer seg ned i berget lenger nede. Nokre av oss kom seg over på denne provisoriske bruløysinga, medan eg heller gjekk litt tilbake og prøvde å steingå elva, og alle kom seg heile over.

Idyll ved hytta i Sunnmorkhølen
Idyll ved hytta i Sunnmorkhølen
Den nyrestaurerte hytta
Den nyrestaurerte hytta
Ved maleriske Songesandstølen
Ved maleriske Songesandstølen
Skurvåna skyt fart like nedanfor Songesandstølen
Skurvåna skyt fart like nedanfor Songesandstølen
Skurvåna skjer seg ned i berget øvst i Skurvedalen, som ho óg gjer lengst nede mot fjorden
Skurvåna skjer seg ned i berget øvst i Skurvedalen, som ho óg gjer lengst nede mot fjorden

Skurvedalen vart dryg og meir einsformig enn eg hadde sett for meg. Så er han då óg verna på grunn av den urørde skogen og ikkje for landskapet, vil eg tru. Eit besøk bort i Skurvedalstjødna der nokre av oss endåtil tok seg ein dukkert, var eit kjekt men kulse avbrekk. Like så var dei eldgamle stor-ospene i nedre delen av dalen eit flott syn – eg har i alle fall ikkje sett på maken.

I Skurvedalen med utsikt mot Paradis
I Skurvedalen med utsikt mot Paradis
Ved Skurvedalstjødna, kalla Paradis av folka på Bakken
Ved Skurvedalstjødna, kalla Paradis av folka på Bakken
Skurvåna renn heldigvis urørd!
Skurvåna renn heldigvis urørd!
Hovudstien er greit merka gjennom dalen
Hovudstien er greit merka gjennom dalen

Etter om lag 1 ½ time gjennom dalen medrekna avstikkaren til Paradis, var me nede ved Myra og brua over Skurvåna. Den andre brua lenger oppe var ikkje reparert. Kort tid etter var me framme på Bakken etter om lag 15 km og drygt 6 timar på tur med tre gode pausar. Her var det som nevnt høg stemning med vinkurs, men me fann oss godt til rette i den eine stova med framifrå biff og bjørnebær til dessert.

Skumring på flott restaurerte Bakken
Skumring på flott restaurerte Bakken

Sjølv fekk eg ein fin runde på Bakken etter fleire tidlegare gjennomreiser utan å stoppa. Det var kjekt å sjå både "utsikten" i vest og Johannes Bakken sin "kinesiske mur", dessutan korleis han hadde laga til grinder i steingardane som ennå står etter minst 50 år.

Dag 2

Søndags morgon vakna me som meldt til gråver og tidvis regn, men heldigvis med god sikt. Det siste var viktig fordi me skulle vidare den flotte utsiktsturen langs fjorden og til Preikestolhytta. Turstart var alt i 8-tida, for veret skulle tetta seg endå meir til utover dagen.

Me gjekk den velkjende ruta via Myra til Midtre Bratteli, og ikkje den nedre varianten over Juvet i Skurvåna (sjå bilde av dagsturkartet for Bakken gard). Dermed passerte me Bratteli etter ¾ time på tur og kunne ta fatt på den dryge oppstigninga mot Hengjane. Den gode sikten holdt seg heldigvis heile dette flotte utsiktspartiet og heilt til me fekk Hengjanibba i syne.

Dagsturkart for Bakken gard med dei ulike rutealternativa til Bratteli
Dagsturkart for Bakken gard med dei ulike rutealternativa til Bratteli
Tilbakeblikk ein halvtimes gange frå Bakken. Me ser kraftlinjene på Kåsaknuten som går til Jørpeland og dei som kryssar fjorden frå Sjohadlet
Tilbakeblikk ein halvtimes gange frå Bakken. Me ser kraftlinjene på Kåsaknuten som går til Jørpeland og dei som kryssar fjorden frå Sjohadlet
Me passerer Midtre Bratteli
Me passerer Midtre Bratteli
Vel 1 ½ times gange frå Bakken får me framifrå utsikt tilbake mot Bakken, Bratteli og Skurvedalen, dessutan inn heile Lysefjorden
Vel 1 ½ times gange frå Bakken får me framifrå utsikt tilbake mot Bakken, Bratteli og Skurvedalen, dessutan inn heile Lysefjorden
Det meste av stigninga er unnagjort og me ser mot Hengjane og Neverdalsfjellet
Det meste av stigninga er unnagjort og me ser mot Hengjane og Neverdalsfjellet
Mot Hengjanibba
Mot Hengjanibba

Og Nibba freista såpass til besøk at me tok turen nedom Hengjane og til topps, trass i at eg visste at me ville bli klissvåte gjennom høgt gras og myrlende i den gamle innmarka. Og herifrå, etter 3 timar på tur og om lag halvvegs, vart me ikkje bare våte nedanfrå, men det sette óg inn med silregn og etter kvart skodde. Turen vidare om Skogavatnet og Neverdalen vart derfor ei litt mistrøstig vandring som ikkje kunne gi det flotte landskapet rettferd. Som vanleg var óg den snaut 200 hm stigninga til Neverdalskardet ei tøff avslutning, men me kom oss opp alle og i nokonlunde god stil.

Ute på sjølve Nibba
Ute på sjølve Nibba
Utløpet av Skogavatnet og vegen Hengjatyskeren let bygga
Utløpet av Skogavatnet og vegen Hengjatyskeren let bygga
Tilbakeblikk mot Skogavatnet
Tilbakeblikk mot Skogavatnet
Skodde i Neverdalen
Skodde i Neverdalen

Om lag som for lørdagen vart fasit for denne etappen 15 km og drygt 6 timar på tur, medrekna ein sving nedom Hengjane og ein kort matpause ved Skogavatnet. Ein verkeleg flott helgetur gjennom eit område eg håpar blir varig verna som Preikestolen nasjonalpark!

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.