Frå Liarvatnet til Longavatnet med solnedgang på Vardhusheia (28.05.2023)


Map
Ascents Vardhusheia (761m) 28.05.2023
Visits of other PBEs Langavatnet demning (450m) 28.05.2023

Maitur i Jørpelandsheia – endåtil med teltovernatting – heng svært høgt, og dette vart eit bra plaster på såret då årets pinsetur i Jotunheimen bles og snøa vekk. Planen var å gå inn til Longavatnet frå parkeringa ved Liarvatnet og så tråkla seg heilt heim til Førland derifrå etter ei overnatting.

Kveldsturen inn gjekk oppskriftsmessig på 2 timar til stemmen i Longavatnet via Grimsli. Då hadde eg gleda av å høyra to lomar skrika og kakla i Liarvatnet, men eg hadde ikkje kikkert så eg kunna vita sikkert om det var stor- eller smålom. Men både fordi han er vanleg i denne heia og fordi eg har sjekka lyden i ettertid, er det ganske sikkert at det var smålom. Ei flott oppleving av ein retteleg sky fugl!

Fint med myrull i Grimsli
Fint med myrull i Grimsli
På veg mot Forenesvatnet med tilbakeblikk mot Grimsli
På veg mot Forenesvatnet med tilbakeblikk mot Grimsli
Lengst aust ved Forenesvatnet med Vardhusheia som kulisse
Lengst aust ved Forenesvatnet med Vardhusheia som kulisse
På den gamle stemmen i nordre Vardhustjødna
På den gamle stemmen i nordre Vardhustjødna

Sidan snøsmeltinga stort sett er ferdig for i år, var det som venta relativt låg vannstand i Vardhustjødnane. Eg fann derfor ein fin teltplass i den breie strandsona like innanfor stemmen. Etter å ha sett opp teltet og fått i meg eit par brødskiver i 21-tida, skunda eg meg oppover mot Brogaheia for å få med meg fine Vardhusheia denne flotte vårkvelden. ¾ time brukte eg til topps via utsiktsvarden og fekk nokre flotte bilder i solnedgangen. Så etter ½ time retur var det akkurat passeleg skumring til å ta kvelden.

Flott teltplass like innanfor stemmen. Liaknuten sjåast til høgre, og i bakgrunnen dannar Steinfjellet og Bratteliknuten porten mot Lysefjorden
Flott teltplass like innanfor stemmen. Liaknuten sjåast til høgre, og i bakgrunnen dannar Steinfjellet og Bratteliknuten porten mot Lysefjorden
Tilbakeblikk mot tredelte Longavatnet med Vardhustjødnane nærast
Tilbakeblikk mot tredelte Longavatnet med Vardhustjødnane nærast
Mot Brogaheia og Målandsvatnet
Mot Brogaheia og Målandsvatnet
Solnedgang på Vardhusheia, kanskje den finaste utsikten i Jørpelandsheia!
Solnedgang på Vardhusheia, kanskje den finaste utsikten i Jørpelandsheia!
Same utsikten på stupkanten, der det er 300hm beint ned i Vardhustjødnane
Same utsikten på stupkanten, der det er 300hm beint ned i Vardhustjødnane
Utsikt austover mot Krøys
Utsikt austover mot Krøys

Og natta vart akkompagnert av nye lomeskrik, orrespel, koko frå gauken og song frå ringtrosten. Ved stemmen hadde eg óg høyrt ein sivspurv synga då eg kom, så dette vart ein retteleg fin dag fuglemessig. Om lag 12 km, drygt 500 hm stigning og 3 ¾ timar på tur vart fasiten.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.